Dag og Tid-quizen 30. august 2024

1. Erik Poppes nye film Quislings siste dager handlar mest om Vidkun Quisling og Peder Olsen. Ei sentral kjelde er dagboknotat av sistnemnde. Kva var yrket hans?
Advokat
Prest
Psykolog
Sekretær
2. Kva slags sjokoladeprodukt er Kong Haakon og Gode Ønsker, båe frå Freia?
Brownie
Konfekt
Kvit sjokolade
Sjokoladerull
3. Grøn mamba er tre særs raske giftslangar i Afrika. Kvar lever dei stort sett: i vatn, i ørken eller oppe i tre?
I vatn
I ørken
Oppe i tre
4. Kva forfattar frå Odda (1878–1949) er det Store norske leksikon omtalar her: «Med hovudverket Løstølsfolket står ho som den store talskvinna for bondekonene i vår litteratur.» Ho heiter det same som ein NRK-journalist.
Aslaug Vaa
Gro Holm
Ingvild Bryn
Sidsel Wold
5. Kva for eit grunnstoff har atomsymbolet Au, etter det latinske namnet aurum?
Aluminium
Gull
Jern
Sølv
6. Katrine Lunde er den einaste norske kvinna med tre gull i sommar-OL. I kva for eit år vann ho det første?
2000
2004
2008
2012
7. Kva evne vert òg kalla likviditet?
Arbeidsevne
Betalingsevne
Flyteevne
Taleevne
8. Kven stod brud i Nidarosdomen i 2002 og gjer det same i Geiranger 31. august?
Kronprinsesse Mette-Marit
Prinsesse Astrid
Prinsesse Ingrid Alexandra
Prinsesse Märtha Louise
9. Plosivar er språklydar me dannar ved å stengje luftstraumen heilt og deretter opne han brått. Bilabial tyder at leppene kjem i kontakt. Kva for to bokstavar i det norske alfabetet vert vanlegvis uttalte som bilabiale plosivar?
B og P
F og V
G og K
M og N
10. Kva song frå 1982, ei lovprising av amorøs «nedbør», er den største hiten til The Weather Girls?
«It’s Raining Boys»
«It’s Raining Men»
«It’s Snowing Boys»
«It’s Snowing Men»
11. Jemen og Oman ligg ytst på kva halvøy?
Den arabiske halvøya
Det indiske subkontinentet
Malayahalvøya
Sinaihalvøya
12. Ringnes AS vart grunnlagd av Axel Heiberg og brørne Amund og Ellef Ringnes. Kva er slektsforholdet mellom sistnemnde og Christian Ringnes (f. 1954)?
Bestefar og barnebarn
Grandonkel og grandnevø
Oldefar og oldebarn
Far og son
13. Pangea omfatta nesten all landmasse på jorda. Når eksisterte superkontinentet?
Omkring 2–65 millionar år sidan
Omkring 65–200 millionar år sidan
Omkring 200–300 millionar år sidan
Omkring 300–500 millionar år sidan
14. Kva slags keramikk har hovudingrediensane kaolin og feltspat og er kjend frå til dømes ein fabrikk i Porsgrunn?
Fajanse
Flint
Porselen
Terrakotta
15. I sommar forsvarte danske Viktor Axelsen OL-gullet sitt. Kva racketsport er det tale om?
Badminton
Bordtennis
Squash
Tennis
16. Den franske botanikaren Jeanne Baret (1740–1807) var den første kvinna som… gjorde kva? Ho kledde seg ut som mann for ikkje å verte stansa, og ho fekk samla fleire tusen planter.
Få registrert ein ny art
Gje ut lærebok
Reise jorda rundt
Ta doktorgrad
17. Kva for to motstykke er det ein har blanda i eit blanda kor?
Amatørar og profesjonelle
Døve og høyrande
Menn og kvinner
Tenorar og bassar
18. Kva norsk fjell har ein langt mindre kjend namnebror i Bardu kommune i Troms? Det siste ragar 1506 meter over havet, nesten 800 meter lågare.
Galdhøpiggen
Gaustatoppen
Glittertinden
Snøhetta
19. Kven av dei tolv disiplane «fikk på vannet gå da han så på Jesus», slik ein barnesong formulerer det?
Andreas
Jakob den eldre
Johannes
Peter
20. Kva stort land vart omtala som «juvelen i krona» til Det britiske imperiet?
Australia
Canada
India
USA
21. Kva for eit ord kan vere ein kroppsdel på eit dyr, ein type stikksag og ei planteslekt med fleire stoveplanter?
Elefantfot
Elefantøyre
Kattefot
Rotterumpe
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 30. august 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QLNLRF27L","txt":"1. Erik Poppes nye film Quislings siste dager handlar mest om Vidkun Quisling og Peder Olsen. Ei sentral kjelde er dagboknotat av sistnemnde. Kva var yrket hans?, 2. Kva slags sjokoladeprodukt er Kong Haakon og Gode Ønsker, båe frå Freia?, 3. Grøn mamba er tre særs raske giftslangar i Afrika. Kvar lever dei stort sett: i vatn, i ørken eller oppe i tre?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker