Dag og Tid-quizen 5. juli 2024

1. Kva stilling skal Nederlands avgåtte statsminister Mark Rutte ta over i oktober etter Jens Stoltenberg?
Generalsekretær i FN
Generalsekretær i Nato
President i Europakommisjonen
President i Europaparlamentet
2. Kva for ein av dei to hovuddelane i Bibelen er bøker skrivne mellom rundt 50 og 100 etter Kristus?
Det gamle testamentet
Det nye testamentet
3. Instrumentet balalaika har oftast kor mange strenger?
Tre
Fire
Seks
Åtte
4. Kva heiter den kunstige innsjøen i Egypt og Sudan som vart danna med oppføringa av den nyaste av Aswandemningane? Han har namn etter den innverknadsrike egyptiske presidenten som døydde i 1970, året før demninga vart avduka.
Naguibsjøen
Nassersjøen
Sadatsjøen
Voltasjøen
5. Kva for eit av dei tre metalla knytte til pallplassar i sport er ei legering?
Bronse
Gull
Platina
Sølv
6. Kva er Niro, Optima, Sorento, Soul og Sportage døme på? Den sentrale delen av svaret tyder meir eller mindre «stige opp frå Asia».
Hyundai-modellar
Kia-modellar
Honda-modellar
Mazda-modellar
7. Kva for ei Anna (1895–1982) hadde ein vidgjeten far i same fagfelt og kom sjølv med viktige arbeid om forsvarsmekanismar?
Anna Freud
Anna Pavlova
Anna Rogstad
Anna Sethne
8. Kva norsk fylke går den nordlege polarsirkelen gjennom?
Finnmark
Troms
Nordland
Trøndelag
9. Er grevlingen ein herbivor, ein karnivor eller ein omnivor?
Ein herbivor
Ein karnivor
Ein omnivor
10. Kva heiter bonden frå Lillesand som i 1786–1787 leia det største norske bondeopprøret i dansketida? Han vart arrestert og døydde som fange på Akershus festning.
John Neergaard
Kristian Lofthus
Marcus Thrane
Øystein Ingolfsland
11. Både Chanel og Givenchy har vorte krediterte for kva slags kjole, der namnet indikerer storleik og farge?
Den store blå
Den store raude
Den vesle kvite
Den vesle svarte
12. Metallica var nett vore i Noreg. Kva heiter hardrockfestivalen på Ekebergsletta i Oslo der dei var toppnamnet i år?
by:Larm
Ragnarock
Tons of Rock
Øyafestivalen
13. Kva år i livet til Steffen Tangstad er dette: I april vann han tilbake europameistertittelen. I juni fylte han 27. I september vart han den første nordmannen i ein kamp om VM-tittel i tungvektsboksing, men tapte mot Michael Spinks og la opp.
1982
1984
1986
1988
14. Både Sokrates, Platon og Aristoteles budde lenge i kva bystat?
Athen
Korint
Sparta
Theben
15. Norges Handikapforbund vart stifta i 1931 under kva namn? I dag ville dette fått raudt lys av NRKs ordliste for funksjonsmangfald. Me kan avsløre at namnet slutta på -lag, ikkje -forbund.
Norges Abnormlag
Norges Invalidlag
Norges Vanførelag
Norges Åndssvaklag
16. Kva sjanger er nobelprisvinnar Alice Munro kjend for, der ho er rekna som ein av verdas fremste forfattarar?
Dikt
Essay
Komedie
Novelle
17. Nesten alle uruguayanarar snakkar kva for eit språk?
Engelsk
Nederlandsk
Portugisisk
Spansk
18. Kva produsent av til dømes bildelar, kvitevarer og elektroverktøy vart grunnlagd i Stuttgart i 1886 av ein Robert?
Bosch
Festool
Miele
Siemens
19. Dette ordet er i utgangspunktet innbyggjarnamnet til ein viktig by i gresk mytologi. I astronomien er det som oftast ein asteroide med same omløpstid som ein planet. Dessutan kan det vere ein type skadeleg dataprogram som gjev seg ut for å vere ufarleg.
Kentaur
Kretar
Spartanar
Trojanar
20. Figuren Leatherface er sentral i ein av tidenes største skrekkfilmar. Kva er det han nyttar til å massakrere med i Texas, ifølgje tittelen?
Grasklippar
Motorsag
Papirkniv
Symaskin
21. Kva er heimlandet til WikiLeaks-grunnleggjar Julian Assange, som han no etter 14 år kunne reise tilbake til?
Australia
Canada
New Zealand
USA
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 5. juli 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QLNY0F08L","txt":"1. Kva stilling skal Nederlands avgåtte statsminister Mark Rutte ta over i oktober etter Jens Stoltenberg?, 2. Kva for ein av dei to hovuddelane i Bibelen er bøker skrivne mellom rundt 50 og 100 etter Kristus?, 3. Instrumentet balalaika har oftast kor mange strenger?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker