Dag og Tid-quizen 14. februar 2025

1. Kven manglar i denne aktuelle rekkja, som det mest oppsiktsvekkjande namnet: Aas-Hansen, Aasland, Aukrust, Sandtrøen, Sandvik, Stenseng, (…), Vågslid?
Dag Inge Ulstein
Jens Stoltenberg
Jonas Gahr Støre
Thorbjørn Jagland
2. Kva er avstanden ved straffekast i handball?
Tre meter
Fem meter
Sju meter
Ti meter
3. Peloponneskrigen varte frå 431 til 404 før Kristus. Kva bystat vann (saman med allierte) og tok over hegemoniet i Hellas?
Athen
Korint
Sparta
Teben
4. Ein telemarking kan kalle mannen og kvinna i huset for sjaven og sjova. Kven er kva?
Mannen er sjaven, kvinna er sjova.
Mannen er sjova, kvinna er sjaven.
5. Kva kjent synonym har me for abscess? Ein slik kan oppstå i dei fleste organ.
Byll
Cyste
Kvise
Vorte
6. Kva allsidig nynorsk forfattar kan skilte med at gata han bur i, er oppkalla etter han? Gata ligg i heimkommunen Sveio, der han vart fødd i 1940.
Einar Økland
Helge Torvund
Kjartan Fløgstad
Ragnar Hovland
7. Kva norrøn gudinne deler namn med ei stor øy i Trøndelag og ei mindre øy ved Bremangerlandet?
Frigg
Frøya
Hitra
Nanna
8. Kva for to etterfølgjande dagar er høvesvis den siste i fastetida og den første i påsketida?
Fastelavnssundag og blåmåndag
Lasaruslaurdag og palmesundag
Langfredag og påskeeftan
Påskeeftan og påskedag
9. Kva for eit selskap utgjer «dei fire store» i revisjonsbransjen saman med Deloitte, PwC og KPMG? Namnet er etter to selskap som fusjonerte i 1989.
Berkshire Hathaway
EY
Johnson & Johnson
Procter & Gamble
10. Draft er eit eldre ord for kva slags kart?
Flykart
Sjøkart
Språkkart
Topografisk kart
11. Madonna gav ut debutalbumet Madonna i juli og fylte 25 år i august. Kva var året? Andrealbumet Like a Virgin kom året etter.
1981
1983
1985
1987
12. Kva for striper omgjev auga til grevlingen: dei kvite eller dei svarte?
Dei kvite
Dei svarte
13. Kva skaptype frå mellomalderen skal me fram til her? Han har gjerne hyller oppe, skjenkeplate i midten, dører og/eller skuffer nede. Førsteleddet handlar om oppbevaring. Sisteleddet kan høyrast ut som eit anna møbel, men tyder ramme eller stativ.
Kannestol
Kubbestol
Slagbenk
Stokkiste
14. I kva filmserie (2001, 2004, 2016 og 2025) speler Renée Zellweger tittelrolla?
«Bridget Jones»
«Judy»
«Miss Potter»
«Nurse Betty»
15. Kva vindrue dominerer i Toscana? Ho er sentral i mang ein raudvin, til dømes chianti.
Glera
Primitivo
Sangiovese
Trebbiano
16. Spinnemaskinar under den industrielle revolusjonen var inspirerte av noko som engelske John Kay patenterte i 1733. Fullfør namnet på oppfinninga: «flygande …».
Hollendar
Mare
Skyttel
Vevstol
17. Kva kallar me ein person frå Elfenbeinskysten?
Abidjanar
Cotianar
Elfenbeinar
Ivorianar
18. Kven av dei tre store komponistane i wienerklassisismen var skjemtsam og lite sjølvhøgtideleg? Dette pregar musikken hans òg. Til dømes strykekvartetten med tilnamnet «Spøken».
Joseph Haydn
Wolfgang Amadeus Mozart
Ludwig van Beethoven
Franz Schubert
19. Kva by vart 4. februar råka av «den värsta masskjutningen i svensk historia»? Orda tilhøyrer statsminister Ulf Kristersson.
Jönköping
Örebro
Umeå
Uppsala
20. Indonesia erklærte seg sjølvstendig i 1945 frå kva for eit land?
Australia
Frankrike
Japan
Nederland
21. Det tiande feltet på Monopol-brettet husar kva slags institusjon? Med tida vert det lønsamt for spelarane å opphalde seg her.
Fengsel
Gratis parkeringsplass
Jarnbanestasjon
Kyrkje
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 14. februar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QM2Y59ZRT","txt":"1. Kven manglar i denne aktuelle rekkja, som det mest oppsiktsvekkjande namnet: Aas-Hansen, Aasland, Aukrust, Sandtrøen, Sandvik, Stenseng, (…), Vågslid?, 2. Kva er avstanden ved straffekast i handball?, 3. Peloponneskrigen varte frå 431 til 404 før Kristus. Kva bystat vann (saman med allierte) og tok over hegemoniet i Hellas?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker