Dag og Tid-quizen 31. oktober 2025

1. Kva synleg og omdiskutert opposisjonspolitikar i Venezuela får Nobels fredspris i 2025?
María Corina Machado
María Corina Mercado
María Corina Morales
María Corina Moreno
2. Kva nemning skal inn i Edvard Grieg-titlane Peer Gynt-(…) nr. 1 og Peer Gynt-(…) nr. 2?
Sonate
Sonatine
Suite
Symfoni
3. Kva slags hund (bruksområde) er nederlandske schapendoes, som namnet tilseier?
Fuglehund
Gjetarhund
Selskapshund
Vakthund
4. Kva sympatisk NRK-program (2024–) viser ein funksjonsvariert gjeng spørje kjende gjester om absolutt kva som helst?
«A-gjengen»
«A-laget»
«F-gjengen»
«F-laget»
5. Høgskulen på Vestlandet har, frå sør til nord, campusane Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og ...
Førde
Nordfjordeid
Volda
Ålesund
6. Eit havområde og ei kontinentalplate, båe mellom Sør-Amerika og Antarktika, har namn etter det same ekspedisjonsskipet frå tidleg 1900-tal. Kva heiter skipet?
Discovery
Nazca
Scotia
Terra Nova
7. I ei kjend scene i Hjortejegeren må karakterane til Robert De Niro og Christopher Walken delta i kva potensielt dødeleg spel?
Fransk rulett
Kinesisk rulett
Russisk rulett
Vietnamesisk rulett
8. Kven manglar i denne kronologiske rekkja av store norske avlidne pennar i 2025: Dag Solstad, Ingvar Ambjørnsen, Tor Åge Bringsværd, (…), Roy Jacobsen, Henning Hagerup?
Bjørg Vik
Gerd Brantenberg
Liv Køltzow
Toril Brekke
9. Kva på ein grønlandskval er kraftig bogeforma, med rundt 600 bardar?
Halefinnen
Munnen
Ryggfinnen
Sveivane
10. Kva ministerpost hadde Winston Churchill fram til 1915, då han gjekk av etter Gallipoli-felttoget?
Ammunisjonsminister
Krigsminister
Luftfartsminister
Marineminister
11. Kva tyder canuck? Ishockeylagnamnet Vancouver Canucks kan vere eit hint.
Canadiar
Kølle
Spekkhoggar
Skeise
12. Kva heiter Noregs fremste kreftsjukehus, i dag ein del av Oslo universitetssjukehus? Det ligg på Ullern.
Radarhospitalet
Radialhospitalet
Radiohospitalet
Radiumhospitalet
13. Seks smalahove rekk normalt til kor mange personar rundt middagsbordet?
3
6
12
24
14. Luvsansharavyn Tsend – olympisk flaggberar i både 1964, 1968 og 1972 – er rekna som den viktigaste skeiseløparen frå kva stort land?
Kasakhstan
Kina
India
Mongolia
15. Kva musikar (1958–2016) hadde det fulle namnet (…) Rogers Nelson?
Bono
Donovan
Prince
Sting
16. Kva for eit museum opplevde i oktober tragedien at åtte av dei franske kronjuvelane vart stolne?
Grand Palais
Louvre
Musée d'Orsay
Pompidou-senteret
17. Kva er omgrepet for kunstmotivet Jesus med tornekrone før krossfestinga? Svaret er Pontius Pilatus’ ord «Sjå det mennesket!» på latin.
Ecce homo
Fiat lux
Mea culpa
Pietà
18. I kva år – som sluttar på 4 – vart norske Elise Sem den første kvinnelege advokaten i Europa?
1904
1914
1924
1934
19. Utanfor kva by ligg Saltstraumen?
Bodø
Mo i Rana
Narvik
Sandnessjøen
20. Atenismen, innført av faraoen Akhenaten på 1300-talet før Kristus, er kalla det første dokumenterte dømet på kva religiøs isme?
Ateisme
Henoteisme
Monoteisme
Polyteisme
21. Er det allehelgensaftan eller allehelgensdag mange kristne feirar 31. oktober?
Allehelgensaftan
Allehelgensdag
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 31. oktober 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QM52N5V5H","txt":"1. Kva synleg og omdiskutert opposisjonspolitikar i Venezuela får Nobels fredspris i 2025?, 2. Kva nemning skal inn i Edvard Grieg-titlane Peer Gynt-(…) nr. 1 og Peer Gynt-(…) nr. 2?, 3. Kva slags hund (bruksområde) er nederlandske schapendoes, som namnet tilseier?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker