Dag og Tid-quizen 4. april 2025

1. Kva heiter diagnosen som kronprinsesse Mette-Marit stod fram med i 2018? Det er ein kronisk sjukdom der lungevev gradvis vert erstatta med bindevev.
Cystisk fibrose
Emfysem
Lungeembolisme
Lungefibrose
2. På engelsk vert mange kjende måleri oppførte som oil on canvas. Kva heiter canvas på norsk?
Kanvas
Kartong
Lerret
Staffeli
3. Sorter dei tre store fjordane i Vestland fylke – Hardangerfjorden, Nordfjorden og Sognefjorden – frå nord til sør.
Nordfjorden, Hardangerfjorden, Sognefjorden
Nordfjorden, Sognefjorden, Hardangerfjorden
Sognefjorden, Hardangerfjorden, Nordfjorden
Sognefjorden, Nordfjorden, Hardangerfjorden
4. Muskatnøttreet gjev oss fleire krydder. Frøkjernen heiter muskatnøtt. Kva heiter frøkappa?
Muskatblome
Muskatell
Muskatkorn
Muskatsmør
5. Bø-brørne har fleire felles stafettgull i OL og VM. Dei vann det første i Oslo i 2016 saman med Emil Hegle Svendsen og ein til. Kven då?
Halvard Hanevold
Lars Helge Birkeland
Ole Einar Bjørndalen
Stian Eckhoff
6. Kor mykje drikkevatn tilrår DSB å lagre per person? Dette er minstebehovet for ei veke. Svaret er eit rundt tal liter.
10 liter
20 liter
30 liter
40 liter
7. Kva for eit verk sluttar med det vidgjetne «Hallelujakoret»?
«Matteuspasjonen»
«Messias»
«Johannespasjonen»
«Judas Maccabeus»
8. Kva engelsk empirist (1561–1626) står i kontrast til den samtidige René Descartes og rasjonalismen? Den språkmektige juristen vart òg ein stor statsmann.
Francis Bacon
Roger Bacon
Thomas Hobbes
Thomas More
9. Kva er grunnstoffet bly: metall, halvmetall eller ikkje-metall?
Metall
Halvmetall
Ikkje-metall
10. Kven vart i 2004 den første som fekk Nobels fredspris i hovudsak for miljøarbeid? Stikkordet er treplanting.
Al Gore
Norman E. Borlaug
Shirin Ebadi
Wangari Maathai
11. Kva nynorsk verb for «å velje» heiter kys i presens og kaus i preteritum?
Å keise
Å kjase
Å kjose
Å køyse
12. Kva heiter den norsk-palestinske filmen som i år fekk Oscar for beste dokumentarfilm?
«No Other Country»
«No Other Land»
«What Other Country»
«What Other Land»
13. Thorvald Stoltenberg bygde relasjonar til mang ein storpolitikar ved å invitere til kva slags måltid?
Frukost
Lunsj
Middag
Kveldsmat
14. Albuma London Calling av The Clash, Off the Wall av Michael Jackson og The Wall av Pink Floyd kom alle i kva oddetalsår?
1977
1979
1981
1983
15. Namnet persarriket viser helst til kva for eit rike frå 500-talet til 300-talet før Kristus? Det var dette riket grekarane slost mot under persarkrigane.
Akemenideriket
Partarriket
Sasanideriket
Selevkideriket
16. Kva vart Pete Conrad den tredje personen til å gjere? Han sa: «Whoopee! Man, that may have been a small one for Neil, but that’s a long one for me.»
Gjere ei romvandring
Gå i bane rundt jorda
Gå på månen
Vere i verdsrommet
17. I kva by kjem kvalitetsavisa Süddeutsche Zeitung ut?
Berlin
Frankfurt am Main
München
Wien
18. Det første vinter-OL i 1924 hadde éi øving i bobsleigh. I gullboben sat fire sveitsarar, i sølvboben fire britar. Kven sat i bronseboben (tal og nasjonalitet)? Dei tok landets einaste medalje i leikane.
Tre svenskar
Tre danskar
Fem belgiarar
Fem japanarar
19. Kven giftar seg med Karoline, ein bjørkekvist av dei sjeldne?
Gummi-Tarzan
Knerten
Nøtteliten
Snømannen Kalle
20. Kva ikkje anerkjend stat ligg stort sett «på andre sida av elva Dnister», slik namnet tilseier?
Abkhasia
Nagorno-Karabakh
Transnistria
Transilvania
21. Kva for eit overkroppsplagg har sin eigen festival i byen Catamarca i Argentina?
Amasone
Bolero
Chullo
Poncho
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 4. april 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QMFTAMV5H","txt":"1. Kva heiter diagnosen som kronprinsesse Mette-Marit stod fram med i 2018? Det er ein kronisk sjukdom der lungevev gradvis vert erstatta med bindevev., 2. På engelsk vert mange kjende måleri oppførte som oil on canvas. Kva heiter canvas på norsk?, 3. Sorter dei tre store fjordane i Vestland fylke – Hardangerfjorden, Nordfjorden og Sognefjorden – frå nord til sør.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker