Dag og Tid-quizen 23. januar 2026

1. Kva har nyss vorte tidenes første norske film til å vinne ein Golden Globe? Regissør er Joachim Trier.
«Affeksjonsverdi»
«Drømmer»
«Elskling»
«Verdens verste menneske»
2. Kva rekord meiner Trier i Moseldalen å ha blant byane i Tyskland?
Å drikke mest vin per innbyggjar
Å vere dyrast
Å vere eldst
Å vere minst
3. Vindistriktet Mosel er mest kjend for kvitvinar av kva drue?
Müller-Thurgau
Riesling
Silvaner
Spätburgunder
4. Kva eldre yrkestittel hadde han som konstaterte at Jesus hadde gjort vatn til vin? Det er tale om ei ærerik overoppsynsrolle.
Farisear
Hovmeister
Kikador
Kjøkemeister
5. Tungtvassaksjonen på Vemork – «Operasjon Gunnerside» – var i februar og mars i kva år?
1942
1943
1944
1945
6. Kva for eit verb kjem frå norrønt rjúka og gjev namn til Rjukan, her som ei skildring av Rjukanfossen?
Rekke
Rikke
Ryke
Røykje
7. Læraren Annie Edson Taylor vart i 1901 første person til å overleve ein tur utfor Niagarafossen i kva slags gjenstand?
Badekar
Sofa
Sykkel
Tønne
8. Kva Annie-song er på norsk omsett til mellom anna «Møkkaliv»?
«It’s the Hard Knock Life»
«Little Girls»
«Tomorrow»
«You Won't Be an Orphan for Long»
9. Kva av desse «møkkete» uttrykka tyder «ikkje i noko høve»?
Gå som hakka møkk
Ikkje på tørre møkka
La møkka gro
Noko møkk
10. Kva heilt anna høve enn galla var Therese Johaug i då ho saman med Johannes Thingnes Bø fekk heidersprisen på Idrettsgallaen 2026?
Bryllaupsreise
Fødsel
Gravferd
Tour de Ski
11. Kva Grundtvig-salme nemner «den høye gjest»?
«Deilig er den himmel blå»
«Det kimer nå til julefest»
«Et barn er født i Betlehem»
«Kirken den er et gammelt hus»
12. Kvar i Christiania sona Gjest Baardsen på livstid frå 1827 til han vart friteken 18 år seinare?
Akershus festning
Botsfengselet
Møllergata 19
Tukthuset
13. Kva viktig lov i fysikken vart presentert i 1827 i ei bok med originaltittelen Die galvanische Kette, mathematisch bearbeitet?
Faradays induksjonslov
Ohms lov
Termodynamikkens 1. lov
Termodynamikkens 2. lov
14. Thaiboksing vert kalla «dei åtte kroppsdelanes kunst» fordi det er lov å nytte både hendene, knea, leggane og kva meir?
Låra
Olbogane
Rumpeballane
Tennene
15. Kva slags eiketre er definert som ein eigen utvald naturtype i Noreg i ei forskrift til naturmangfaldlova?
Gamle eiker
Hole eiker
Korkeiker
Vintereiker
16. Eika-alliansen omfattar rundt 40 sjølvstendige … kva?
Bankar
Fond
Forsikringsselskap
Investeringsselskap
17. Kor gamal trur ein eika «Den gamle mester» i Krødsherad er, ifølgje Naturvernforbundet, som fekk henne freda? 
Nærmare 100 år
Nærmare 500 år
Nærmare 1000 år
Nærmare 2000 år
18. Kva ruvande skikkelse i kinesisk filosofi har eit namn som tyder «gamle meister»?
Konfutse
Laozi
Mengzi
Mozi
19. Byen Jingdezhen søraust i Kina er kjend som landets «hovudstad» for kva vare? Dette har vore eit handverk i minst tusen år.
Jade
Lakk
Porselen
Silke
20. Kva handverkar, også kalla pelsmeister, lagar produkt av skinn og pels?
Buntmakar
Bøkkar
Garvar
Skreddar
21. Kva 14-åring hadde fått sitt første kyss av Peter van Pels då ho skreiv dette: «Kjæreste Kitty, ikke glem gårsdagen, for den er viktig for hele livet mitt.»?
Anne Frank
Greta Thunberg
Jane Austen
Shirley Temple
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 23. januar 2026", "url":"https://www.quiz-maker.com/QMIJI4V5H","txt":"1. Kva har nyss vorte tidenes første norske film til å vinne ein Golden Globe? Regissør er Joachim Trier., 2. Kva rekord meiner Trier i Moseldalen å ha blant byane i Tyskland?, 3. Vindistriktet Mosel er mest kjend for kvitvinar av kva drue?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker