Quiz 5. mai 2023

1. Kva engelsk ord har islendingane avløyst med det flotte alternativet mjólkurhristingur?
Cocktail
Milkshake
Smoothie
2. Kva slåbrokliknande habitt er å rekne som Japans nasjonaldrakt?
Haori
Kimono
Obi
3. Kor mange deltakarar hadde dei fyrste moderne olympiske leikane i 1896?
41
241
1241
4. Dette folket lever særleg i Tyrkia, Syria, Irak og Iran. Dei vert ofte kalla verdas største etniske gruppe utan eigen stat.
Assyrarar
Jesidiar
Kurdarar
5. Nordkapplatået er på Magerøya, som sjølv ligg rett utanfor ei av dei store halvøyane i Finnmark. Kva halvøy?
Nordkinnhalvøya
Porsangerhalvøya
Varangerhalvøya
6. Kva heiter den einaste viltlevande bjørnearten i Fastlands-Noreg, med namn etter ein farge?
Brunbjørn
Kvitbjørn
Svartbjørn
7. Denne statsvitaren har vore tilsett hos Nupi sidan 2003, som seniorforskar sidan 2014. Ho er særleg kjend for å analysere Russland, noko ho får Fritt Ords Pris 2023 for. Kva er namnet hennar?
Cecilie Hellestveit
Janne Haaland Matlary
Julie Wilhelmsen
8. Kristusstatuen i Rio de Janeiro har armane ...
Framover
Oppover
Ut til sidene
9. Me har to knoklar i underarmen. Kva heiter den på tommelfingersida?
Albuebeinet
Spolebeinet
Skinnebeinet
10. Kva heiter den kjende teikneserien til Bill Watterson, om ein gut og kosedyret hans?
«Tommy og Tigern»
«Pels og poter»
«Min bror bjørnen»
11. I kva for eit år var hijra, profeten Muhammeds utvandring frå Mekka til Medina? Dette er utgangspunktet for islamsk tidsrekning. Hint: Dei to siste siffera er like.
611
622
633
12. Kva for eit land hadde statsministerskifte sist gong i 2019 då Kyriakos Mitsotakis tok over etter Alexis Tsipras?
Hellas
Kypros
Nord-Makedonia
13. Den 23. juni 1994 var det Italia–Noreg i fotball-VM for menn. Då vart Gianluca Pagliuca den fyrste målvakta i meisterskapens historie til å oppleve kva?
Å sleppe inn mål etter ein flopasning
Å ikkje sleppe inn mål i ein straffesparkkonkurranse
Å verte utvist
14. Kva heiter Sveriges største innsjø?
Storsjön
Vänern
Vättern
15. Harry Belafonte er død, 96 år gamal. Kva heiter albumet han slo gjennom med i 1956, med same namn som sjangeren han er kjend for?
«Calypso»
«Soca»
«Steelpan»
16. Kva norsk by var mest knytt til Hansaforbundet, jamvel om han ikkje var hansaby, men såkalla kontor?
Bergen
Tønsberg
Ålesund
17. Kva lov seier fylgjande: «når ein lekam verker på ein annan lekam med ei kraft, vil den andre lekamen verke tilbake på den første med ei like stor kraft i motsett retning»?
Newtons fyrste lov
Newtons andre lov
Newtons tredje lov
18. Er det gratis å få mekling i Konfliktrådet?
Ja
Nei
19. Kva fiktiv figur har opp gjennom vorte spelt av til dømes Margaret Rutherford, Julia McKenzie og Joan Hickson?
Mary Poppins
Miss Marple
Scarlett O'Hara
20. Kva akkord høver til å starte og avslutte songen «Bjørnen sover» dersom du vil alternere med A eller A7 undervegs?
D
F
G
21. Kva heiter symbolet som Norges Husflidslag har i logoen sin?
Akantus
Olavsrose
Åttebladrose (også kjend som selburose)
0
{"name":"Quiz 5. mai 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QNHMZ6TBI","txt":"1. Kva engelsk ord har islendingane avløyst med det flotte alternativet mjólkurhristingur?, 2. Kva slåbrokliknande habitt er å rekne som Japans nasjonaldrakt?, 3. Kor mange deltakarar hadde dei fyrste moderne olympiske leikane i 1896?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker