Dag og Tid-quizen 17. november 2023

1. Det er november og fokus på mannshelse. Kva kreftform oppstår vanlegvis som ein smertefri, einsidig kul som pasienten oppdagar sjølv? I 2021 var det 295 norske tilfelle og 6 dødsfall.
Hudkreft
Lungekreft
Prostatakreft
Testikkelkreft
2. Bama nemner fire fargar på stikkelsbær: gul, raud, lilla og kva fjerde farge?
Blå
Grøn
Kvit
Svart
3. Kva heiter hovudcampusen til Universitetet i Oslo, der dei fleste fakulteta held til?
Blindern
Lindern
Vinderen
Ullern
4. Kva litterær detektiv er lokalavisredaktør i den fiktive byen Småköping, eller Byköping på originalspråket?
Agaton Sax
Annika Bengtzon
Kalle Blomkvist
Kurt Wallander
5. Kva for eit mannsnamn kjem av eit norrønt ord som tyder «gjerde» eller «vern»? Namnet kan vere suffiks etter til dømes ski- og stein-.
Gard
Geir
Tor
Trym
6. Kva heiter det historiske landskapet omkring det øvre og mellomste løpet til elva Oder? Det er mest i Polen, men òg i Tsjekkia og Tyskland.
Böhmen
Sachsen
Schlesien
Prøyssen
7. Kva litteraturpris har éin vinnar kvart år, røysta fram av alle som arbeider i norske bokbutikkar?
Balderprisen
Bokhandlarprisen
Bokseljarprisen
Brageprisen
8. Kor mange månader er drekta hos kaninar?
Éin
To
Fire
Åtte
9. Kva heiter Noregs nye kunnskapsminister? Ho var Stavanger-ordførar og har no teke til ordet for mobilfri skule.
Cecilie Lyngby
Cecilie Myrseth
Kari Mangrud Alvsvåg
Kari Nessa Nordtun
10. Kva for eit måleri med mykje blått syner utsikta frå eit asylvindauge i Saint-Rémy i Frankrike? Det er frå 1889, året før kunstnaren døydde.
«Fridomen leier folket»
«Impression, soleil levant»
«Ramnar over kornåkeren»
«Stjernenatt»
11. Kva vidgjeten person vart fødd 18. juli 1918 i landsbyen Mvezo nær byen Umtata og fekk fornamnet Rolihlahla?
Desmond Tutu
Haile Selassie
Kofi Annan
Nelson Mandela
12. Kva var ein hukkert, som var av nederlandsk opphav og vanleg i Skandinavia på 1700-talet?
Ei jakke
Eit kort støytvåpen
Eit seglskip
Ei tømmersaks
13. Kva for fem år var storleikstida til musikksjangeren rockabilly, slik Store norske leksikon avgrensar ho?
1948–1952
1954–1958
1960–1964
1966–1970
14. Kva vesttysk skøyteløpar vann OL-gull på 500 meter i 1968 og 1972? Han heldt verdsrekorden på distansen ved fleire høve.
Ard Schenk
Erhard Keller
Piet Kleine
Uwe-Jens Mey
15. Kva var Sara i Bibelen då ho vart mor til Isak: ung, middelaldrande eller gamal?
Ung
Middelaldrande
Gamal
16. Johann Sebastian Bach skal visstnok ha komponert Goldbergvariasjonene til grev Keyserling fordi sistnemnde leid av kva?
Impotens
Inkontinens
Irritabel tarm
Svevnløyse
17. Kva amerikansk filmkomedieserie (1984–1994) har som utgangspunkt at ein naudetat rekrutterer alle som har lyst?
«Brannakademiet»
«Ghostbusters»
«Kopps»
«Politiskolen»
18. Olav Nygard døydde 39 år gamal, men vert rekna som ein stor mellomkrigslyrikar. Kven eller kva er det som reiser seg, ifylgje tittelen på det mest kjende diktet?
Bygdedyret
Kjerringa
Kvelden
Nasjonen
19. Skodespelar Hanne Dahle gav liv til ein gul barne-TV-figur som deler namn med ein gresk bokstav. Kven då?
Alfa
Epsilon
My
Omega
20. Kva for eit mineral er ametyst ein varietet av?
Beryll
Diamant
Korund
Kvarts
21. Byen Rafah gjev namn til den einaste grenseovergangen mellom Gaza og kva for eit land?
Egypt
Israel
Libanon
Syria
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 17. november 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QO06XVXXC","txt":"1. Det er november og fokus på mannshelse. Kva kreftform oppstår vanlegvis som ein smertefri, einsidig kul som pasienten oppdagar sjølv? I 2021 var det 295 norske tilfelle og 6 dødsfall., 2. Bama nemner fire fargar på stikkelsbær: gul, raud, lilla og kva fjerde farge?, 3. Kva heiter hovudcampusen til Universitetet i Oslo, der dei fleste fakulteta held til?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker