Dag og Tid-quizen 2. mai 2025
1. Pave Frans var oppteken av vanskelegstilte. Pavenamnet var ein honnør til kva likesinna person som levde rundt år 1200?
Francisco Xavier
Frans 1. av Frankrike
Frans av Assisi
Frans Hals
2. Fleire kjelder listar opp Viktor 1., Miltiades og Gelasius 1. som dei einaste pavane med kva fellesnemnar? Frans er åleine om ein tilsvarande fellesnemnar.
Dei var afrikanske
Dei var asiatiske
Dei var benediktinarar
Dei var dominikanarar
3. Kva heiter læra om sjukdommar hos eldre?
Geriatri
Gerontologi
Pediatri
Pedologi
4. Kva roman frå 1897 er irske Bram Stoker best kjend for?
«Dracula»
«Jungelboken»
«Klodenes kamp»
«Mørkets hjerte»
5. Kva er det norske naudnummeret ved brann?
110
111
112
113
6. Den musikalsk allsidige Kenneth Sivertsen fekk altfor få leveår (1961–2006). Gjennombrotet som kabaretartist kom i 1990-åra saman med den dåverande kjærasten. Kva annan hordalending var det?
Elisabeth Moberg
Herborg Kråkevik
Hilde Louise Asbjørnsen
Marit Voldsæter
7. Det første Donald Duck-bladet i Noreg kom i 1948. På framsida ser me Donald sjølv og kva for ein trio?
Hetti, Netti og Letti
Dolly, Mikke og Minni
Ole, Dole og Doffen
Onkel Skrue, Gulbrand Gråstein og Rikerud
8. Kina, Nord-Korea, Vietnam og Cuba er fire av dei fem landa mange i dag reknar som kommunistiske. Kva er det femte landet? Det grensar til to av dei andre.
Kambodsja
Laos
Myanmar
Russland
9. Kva maritim fartseining er ei nautisk mil per time?
Kabellengde
Knop
Sekundmeter
Sjømil
10. Kva i ein elektrisk krins har i koplingsskjema symbolet kryss med ein omskriven sirkel?
Batteri
Lampe
Motstand
Spole
11. Mange på Nasjonalmuseet startar med rom 31 og utstillinga «To dronninger møtes». Kva for to dronningar høyrer antrekka til?
Dronning Elizabeth 2. og dronning Sonja
Dronning Margrethe 2. og dronning Sonja
Dronning Maud og dronning Sonja
Dronning Silvia og dronning Sonja
12. Forsythia er ein vanleg prydbusk. Kva farge har blomane?
Blå
Gul
Kvit
Rosa
13. I april varta Magnus Carlsen opp med ein sensasjon i Karlsruhe i Tyskland. Ni av ni sigrar er den største turneringsprestasjonen nokosinne i kva type sjakk?
Fischersjakk
Hurtigsjakk
Lynsjakk
Simultansjakk
14. Kva for ein Ole var LO-leiar frå 1906 til han døydde i 1925? Han fekk i stand trepartssamarbeidet (i arbeidslivet), ein viktig del av «den norske modellen». Han kom på 26. plass i ei kåring av dei 100 viktigaste nordmennene sidan 1814.
Ole Colbjørnsen
Ole Georg Gjøsteen
Ole O. Lian
Ole Øisang
15. Kva er eit spøkjefullt synonym for pumpeorgel?
Katedralsykkel
Kyrkjesykkel
Prestesykkel
Salmesykkel
16. Kva lun og morosam dansk filmklassikar frå 1987 har franske Stéphane Audran i tittelrolla?
«Babettes gjestebud»
«Dancer in the Dark»
«Ditte Menneskebarn»
«Pelle Erobreren»
17. Kva Akershus-kommune er oppkalla etter den norrøne guden for ski, jakt og tvikamp? Guden kjem først i namnet og er òg motiv i kommunevåpenet.
Hurdal kommune
Nannestad kommune
Ullensaker kommune
Ullensvang kommune
18. Kva for eit adjektiv på m tyder boblande og skildrar til dømes champagne?
Malterande
Maserande
Meskande
Musserande
19. Kva for eit kvinnenamn har Noregs nye superdatamaskin, den kraftigaste i landet nokosinne? Ho er produsert av Hewlett-Packard i USA og installert i Stad kommune. Namnet speler på eit mineral ein har vunne ut der.
Olaug
Olga
Oline
Olivia
20. Kva år kom skiskyting på OL-programmet? Først åtte år seinare vart det norsk gull.
1952
1960
1968
1976
21. Kva tysk by heiter Monaco di Baviera på italiensk, for å skilje frå landet Monaco?
Mainz
Mannheim
München
Münster
{"name":"Dag og Tid-quizen 2. mai 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QOXHCGV31","txt":"1. Pave Frans var oppteken av vanskelegstilte. Pavenamnet var ein honnør til kva likesinna person som levde rundt år 1200?, 2. Fleire kjelder listar opp Viktor 1., Miltiades og Gelasius 1. som dei einaste pavane med kva fellesnemnar? Frans er åleine om ein tilsvarande fellesnemnar., 3. Kva heiter læra om sjukdommar hos eldre?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}