Dag og Tid-quizen 2. august 2024

1. Det vart teke ikoniske bilete av attentatet mot Donald Trump, der han blør frå kva enkelt kroppsdel?
Det høgre auget
Det høgre øyret
Det venstre auget
Det venstre øyret
2. Kva for eit omgrep kan me definere slik: «geografisk avgrensa variant av eit språk»?
Dialekt
Etnolekt
Målform
Sosiolekt
3. I sporten padling har øvingane namn som startar med bokstaven C eller K. C tyder kano. Kva tyder K?
Kajakk
Kaperbåt
Knarr
Kogge
4. Det er mest mellom 1940 og 1970 norske jenter har fått dette fornamnet. Det kjem frå middellågtysk og kan omsetjast med «veslevenninne». Ein av dei 13.000 berarane er ein kjend artist fødd i 1947.
Anita
Karin
Wenche
Åse
5. Den minste trastearten i Noreg er nasjonalfugl i Tyrkia. Kva heiter arten, med eit farga trekk i namnet?
Raudstrupetrast
Raudvengetrast
Svartstrupetrast
Svarttrast
6. Agatha Christie gav Hercule Poirot kva nasjonalitet?
Belgisk
Fransk
Monegaskisk
Nederlandsk
7. Ein sentral del av Buddhas lære er dei fire edle sanningane. Omgrepet dukkha går igjen i alle fire. Kva for noko på l omset me gjerne dukkha med?
Leiting
Liding
Liv
Lys
8. Det starta som ein salmakarverkstad i Adelaide i 1856. Kva heiter dette australske bilmerket, som tok slutt i 2020?
Alpha Sports
Ascort
Holden
Lightburn
9. Kva er den einaste ingrediensen som manglar til hollandéssausen dersom du har smør, sitronsaft, salt og pepar?
Appelsinar
Eggeplommer
Kveitemjøl
Kjøtkraft
10. Kautokeino grenser i nordaust til kva annan stor Finnmark-kommune?
Hammerfest
Karasjok
Porsanger
Tana
11. Kva politisk isme høyrer heime i eitt land og har namn etter han som var president i fleire tidsrom mellom 1946 og 1974? Dei to siste konene hans var òg sentrale figurar. Det er ikkje lett å plassere ismen til venstre eller høgre, men populisme er eit stikkord.
Gaullisme
Hoxhaisme
Peronisme
Sandinisme
12. Bibelen fortel at fire menn bar ein lam mann til Jesus. Kva del av huset laga dei opning i for å nå fram i trengselen?
Austveggen
Golvet
Vestveggen
Taket
13. Kva grovt ullstoff har namn etter ei elv i England og Skottland?
Clyde
Jersey
Tartan
Tweed
14. Kva var fødebyen til den franske forfattaren Marguerite Duras? Livet og forfattarskapen var prega av oppveksten her. Byen er den mest folkerike i landet sitt.
Abidjan
Ho Chi Minh-byen
São Paulo
Yangon
15. Har etanol høgare eller lågare kokepunkt enn vatn?
Høgare kokepunkt
Lågare kokepunkt
16. Kven komponerte operaen Spardame, uroppført i 1890?
Giacomo Puccini
Modest Musorgskij
Pjotr Tsjajkovskij
Richard Strauss
17. Ein verdsrekord frå 1987 av ein bulgarar vart slått i 2024 av ein ukrainar. Kva friidrettsøving og kjønn er det tale om?
100 meter hekk for kvinner
Diskoskast for menn
Høgdehopp for kvinner
Tresteg for kvinner
18. Tre av delstatane i USA startar på bokstaven O. Kva for ein av dei ligg på vestkysten?
Oakland
Ohio
Oklahoma
Oregon
19. Kor mange budde det i Noreg ifølgje den første fullstendige folketeljinga i 1769?
323.618
723.618
1.523.618
2.723.618
20. Kva er den vitale statusen til prins Claus, ektemannen til tidlegare dronning Beatrix av Nederland?
Død i 2002
Død i 2012
Død i 2022
I live
21. Kva hovudperson med fedora og pisk møtte me første gong i filmen Raiders of the Lost Ark (1981)?
The Lone Ranger
Indiana Jones
John Rambo
Mad Max
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 2. august 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QP458WD4W","txt":"1. Det vart teke ikoniske bilete av attentatet mot Donald Trump, der han blør frå kva enkelt kroppsdel?, 2. Kva for eit omgrep kan me definere slik: «geografisk avgrensa variant av eit språk»?, 3. I sporten padling har øvingane namn som startar med bokstaven C eller K. C tyder kano. Kva tyder K?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker