Dag og Tid-quizen 11. oktober 2024

1. Kva islamistrørsle var Hassan Nasrallah med på å grunnleggje i 1982? Han var generalsekretær frå 1992 til han vart drepen i eit luftåtak 27. september.
al-Qaida
Hamas
Hizbollah
Taliban
2. I kva for eit verdshav ligg Madagaskar?
Atlanterhavet
Indiahavet
Stillehavet
Sørishavet
3. Kva for to månader utgjer hummarfiskesesongen i Noreg? Nord for Vestland kan du fiske den neste månaden òg.
Juni og juli
August og september
Oktober og november
Desember og januar
4. Stortinget vedtok unionsoppløysinga med Sverige 7. juni, og Oskar 2. sa frå seg trona 26. oktober. Kva var året?
1814
1884
1905
1945
5. «Le Violon d’Ingres» av Man Ray held rekorden som verdas dyraste … kva?
Biletvev
Fotografi
Måleri
Skulptur
6. Kva verdsleiande fiolinist er fødd i 1978 og slo gjennom nasjonalt med Concertgebouw-orkesteret i 1997? Ho opptrer som solist og har òg grunnlagt Den internasjonale kammermusikkfestivalen i Utrecht.
Anne-Sophie Mutter
Hilary Hahn
Isabelle Faust
Janine Jansen
7. Tottenham Hotspur er best kjend i kombinasjonen kvit og kva annan farge? Presiser lys eller mørk.
Lysegrøn
Lyseblå
Mørkegrøn
Mørkeblå
8. Kva Innlandet-kommune med bindestrek i namnet har Koppang som administrasjonssenter?
Nord-Aurdal kommune
Nord-Fron kommune
Nord-Odal kommune
Stor-Elvdal kommune
9. Euterpe precatoria er eit av dei vanlegaste trea i Amazonas-regnskogen. Kva familie høyrer det til? Quizmeisteren finn ikkje noko norsk namn på arten, berre på familien.
Erteblomfamilien
Furufamilien
Palmefamilien
Sypressfamilien
10. Kva for eit ord på k viser til frukt, til dømes bær, kokt med sukker og vatn, brukt som dessert? Ein har ofte i stivelse i form av potetmjøl.
Komplott
Kompositt
Kompost
Kompott
11. Kva folkekjær brite (1934–2024) vann Oscarprisen to gonger? I Noreg er ho best kjend frå Harry Potter og Downton Abbey.
Glenda Jackson
Julie Christie
Maggie Smith
Vanessa Redgrave
12. Kva sjølvstyrt område i Norden vart demilitarisert i 1856 og har ikkje allmenn verneplikt for dei 30.000 innbyggjarane?
Færøyane
Grønland
Öland
Åland
13. Kva slags kjerne er bygd opp av minst eitt proton og eventuelle nøytron?
Atomkjerne
Cellekjerne
Frøkjerne
Kometkjerne
14. Ein interessert pave følgde i 1533 ein serie forelesingar om det kopernikanske verdsbiletet. Ti år seinare fekk etterfølgjaren honnør i hovudverket til Kopernikus. Kva for to pavar er det tale om?
Innocens 8. og Aleksander 6.
Pius 3. og Julius 2.
Leo 10. og Hadrian 6.
Klemens 7. og Paul 3.
15. Kva heiter erstatningsord for ord ein reknar som farlege å nemne? Til dømes «gråbein» for ulv. Svaret kjem ikkje av ein bibelsk figur, men frå polynesisk.
Amosord
Boasord
Noaord
Pauli ord
16. Kva for tre sider på ein vanleg terning har ein prikk i midten?
1, 2 og 3
1, 3 og 5
2, 4 og 6
4, 5 og 6
17. Kva, som høyrer til «kategori 4», finst mellom anna i variantane Erfjord, Frafjord, Løland, Bjerkreim, Jelsa, Bokn og Tjelmeland?
Hardangerbunad kvinne
Hardangerbunad mann
Rogalandsbunad kvinne
Rogalandsbunad mann
18. Kva oslomann grunnla eit bilimportfirma i 1901 som framleis ber namnet hans?
Bertel O. Steen
Ernst G. Mortensen
Olaus Kverneland
Ole F. Bergan
19. Kva bygning som ikkje finst lenger, var det jødane tok tilbake rundt 164 før Kristus og innvigde på nytt? Lysfesten hanukka er til minne om dette.
Løvhytta
Tempelet
Tabernakelet
Stallen i Betlehem
20. I 1972 vart Sigrun Krokvik den første som vann kva pris? Ho fekk han for Bortreist på ubestemt tid.
Bokhandlerprisen
Brageprisen
Rivertonprisen
Tarjei Vesaas' debutantpris
21. Fullfør songtittelen kjend frå filmen Vi gifter oss og TV-serien Fredrikssons fabrikk: «Hva var vel livet …».
«… uten deg»
«… uten meg»
«… uten sjefen»
«… uten TV»
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 11. oktober 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QP71OIOBI","txt":"1. Kva islamistrørsle var Hassan Nasrallah med på å grunnleggje i 1982? Han var generalsekretær frå 1992 til han vart drepen i eit luftåtak 27. september., 2. I kva for eit verdshav ligg Madagaskar?, 3. Kva for to månader utgjer hummarfiskesesongen i Noreg? Nord for Vestland kan du fiske den neste månaden òg.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker