Dag og Tid-quizen 9. mai 2025

1. Kva del av Vatikanpalasset er staden konklavet vel ny pave?
Rafaels stanzar
Det sixtinske kapellet
Vatikanarkivet
Vatikanbiblioteket
2. Kva er kabanos, kielbasa og kaszanka døme på i Polen?
Brennevin
Dansar
Klesplagg
Pølser
3. Brynjulf Jung Tjønn, Cathrine Sandnes, Fredrik Solvang og Nina Solheim er kjende nordmenn med kva fellesnemnar?
Dei er adopterte frå Kina
Dei er adopterte frå Sør-Kina
Familien deira innvandra frå Kina
Familien deira innvandra frå Sør-Korea
4. Kva for eit ord, som er med i tittelen på ein Edvard Hoem-roman, tyder «mann som deltek i høyonna»?
Gnist
Kramkar
Rallar
Slåttekar
5. Kva farge har høvesvis tråden og kledet i hardangersaum (tradisjonelt sett)?
Kvit og kvit
Raud og kvit
Svart og kvit
Svart og raud
6. Kva norsk plante som startar med eng-, høyrer til krossblomfamilien? Dei fire kronblada er kvite, rosa eller bleikfiolette. Planta er eteleg og kan verte rundt halvmeteren høg.
Enghumleblom
Engkarse
Engsmelle
Engsoleie
7. Frå 2011 har Noreg markert 8. mai som både frigjeringsdagen og kva annan merkedag?
Antiterrorismedagen
Barnas dag
Jødanes dag
Veterandagen
8. Ein av tidenes mest kontroversielle musikkpremierar var i 1913 på Théâtre des Champs-Élysées i Paris. Kva ballett vart oppført?
«Faunens ettermiddag»
«Ildfuglen»
«Jeux»
«Vårofferet»
9. Kva heiter slangen som omkransar menneskeverda i norrøn mytologi?
Midgardsormen
Nidhogg
Utgardsormen
Åsgardsormen
10. I kva for eit år, som sluttar på 7, vart ufoar for alvor populære? Det starta med at ein pilot visstnok såg ni stykke nær Mount Rainier i delstaten Washington. Same sommaren tok Roswell-saka til, om at ein ufo skulle ha krasjlanda i New Mexico.
1927
1937
1947
1957
11. Korleis er demokratiet i dei fleste demokratiske statar: direkte eller indirekte?
Direkte
Indirekte
12. Liverpool har no tangert Manchester United i rekorden for flest seriegull i engelsk herrefotball. Kor mange har dei kvar?
15
20
25
30
13. Fjern forbokstaven i namnet på ei stor halvøy i Trøndelag, så får du ein kommune på denne halvøya. Kva kommune?
Leka kommune
Orkland kommune
Osen kommune
Ørland kommune
14. Kva hortensar vart kjend for innsatsen som bustadinspektør i Oslo frå 1919 til 1945? Ho fotograferte dei elendige buforholda og knytte dette til mange sosiale problem. Fleire av søskena hennar, som Lagertha, Olaf og Hjalmar, vart òg viktige på ulike felt.
Betzy Kjelsberg
Elise Sem
Louise Isachsen
Nanna Broch
15. Kva for eit medium hadde nyss 100-årsjubileum i Noreg, sidan den første ordinære sendinga var i april 1925?
Film
Fjernsyn
Radio
Telefon
16. Dookie (1994) og American Idiot (2004) er dei viktigaste albuma til kva amerikansk rockeband?
Green Day
Foo Fighters
Radiohead
Red Hot Chili Peppers
17. Var hjulet i bruk i Induskulturen?
Ja
Nei
18. Uttrykka «brød og sirkus» og «ei sunn sjel i ein sunn lekam» er båe frå kva stor romersk satirikar? Han levde rundt år 100.
Ennius
Horats
Juvenal
Persius
19. Dei fleste kjenner blærehalskjertelen best under det latinske namnet. Kva er det?
Pancreas
Penis
Prostata
Podagra
20. Kven vann verdscupen i skihopping sesongen 1988–89? Dette var den beste konkurransen han gjorde, men det er noko anna som gjer han idrettshistorisk.
Eddie Edwards
Jan Boklöv
Matti Nykänen
Stein Gruben
21. Kva slags attraksjon i Cochabamba i Bolivia ragar om lag 40 meter i vêret? Det er så vidt høgare enn den i Rio de Janeiro.
Fridomsgudinne
Kristusstatue
Maracanã
Sukkertoppen
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 9. mai 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QP9U0WU2W","txt":"1. Kva del av Vatikanpalasset er staden konklavet vel ny pave?, 2. Kva er kabanos, kielbasa og kaszanka døme på i Polen?, 3. Brynjulf Jung Tjønn, Cathrine Sandnes, Fredrik Solvang og Nina Solheim er kjende nordmenn med kva fellesnemnar?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker