Dag og Tid-quizen 27. oktober 2023

1. Nobels fredspris går i 2023 til Narges Mohammadi. Ho sit i det mest illgjetne fengselet i heimlandet, Evin-fengselet, i kva hovudstad?
Ankara
Bagdad
Riyadh
Teheran
2. Kva for eit av dei åtta mårdyra i Noreg manglar dersom me nemner jerv, grevling, røyskatt, snømus, mår, mink og oter? Arten har mykje kvitt rundt snuten.
Ilder
Mårhund
Ulv
Sobel
3. Gatemagasinet =Oslo kostar 100 kroner. Kor mykje får seljaren?
100 kroner
50 kroner
10 kroner
0 kroner
4. Kva for eit tiltaleord for pronomenet de kjem av ordet folk, med lågtysk fleirtalsending?
Godtfolk
Folkefar
Folkens
Folklore
5. Kva særs vanleg sandwich med til dømes kylling, bacon, tomat, salat og majones har namn etter ein type sosial møtestad?
BLT
Bookshop bite
Club sandwich
Croque-monsieur
6. Fullfør namnet på barnemusikalen: Putti Plutti Pott og julenissens (…).
Hjelper
Presang
Reinsdyr
Skjegg
7. Kva kan stå etter Svarte, Raude og Kvite og gje namn til tre sideelvar i Burkina Faso? Dei renn saman i Ghana.
Benue
Niger
Nilen
Volta
8. Kva festival i Gudbrandsdalen er ifylgje seg sjølv Noregs største dansebandfestival? Kommunen inngår i namnet.
Dansefestivalen i Sel
Dovre dansebandfest
Lesjaleiken
Svingom på Skjåk
9. Kva for ei av de tre appellformene i klassisk retorikk handlar om å treffe kjenslene til mottakarane?
Etos
Logos
Mythos
Patos
10. Islands areal er tilnærma likt kva rundt og pent tal?
1000 kvadratkilometer
10 000 kvadratkilometer
100 000 kvadratkilometer
1 000 000 kvadratkilometer
11. Kva lang løpsøving har fått ny verdsrekord i 2023 for både kvinner og menn? Innehavarane er etiopiske Tigist Assefa og kenyanske Kelvin Kiptum.
10 000 meter
Maraton
Triatlon
Pyton
12. Det er berre tre personar i Jon Fosses Nokon kjem til å kome: Han, Ho og Mannen. Kven av dei nyttar stadig ordlyden «nokon kjem til å kome»?
Han
Ho
Mannen
13. Michael Jordan spelte 15 sesongar i NBA. Kva for lag var han på?
Boston Celtics
Chicago Bulls og Washington Wizards
Houston Rockets
Milwaukee Bucks og Los Angeles Lakers
14. Kva heiter chatboten til Google, eit namn som kan føre tankane til William Shakespeare?
Bard
Hamlet
Stratford
Yorick
15. Kven fekk Suez-krisa i fanget som fersk utanriksminister i Israel i 1956?
Ariel Sharon
Golda Meir
Moshe Dayan
Yitzhak Rabin
16. Druesukker, stivelsessukker og dekstrose er andre namn på eitt og same karbohydrat. Kva for eit?
Glukose
Fruktose
Laktose
Sukrose
17. Kva heiter ulovleg handel med kyrkjelege ting? Det kjem av namnet på ein magikar i Apostelgjerningane. Han ville kjøpe makt til å gje Den heilage ande, noko Peter fordømde.
Barnabisme
Eutykisme
Filemoni
Simoni
18. Kva farge har edelsteinen ametyst?
Blå
Grøn
Lilla
Gul
19. Storbrannen The Great Fire of London var tidleg i september i kva for eit år?
1555
1666
1777
1888
20. Det siste oppslagsordet i kapittelet «Mat» i Norsk etymologisk ordbok har definisjonen «dialektord for frokost». Kva er ordet?
Åbit
Åbot
Åbraut
Åburd
21. Kven er den eldste nolevande personen (per 1. oktober 2023) som har spelt James Bond på film?
David Niven
George Lazenby
Roger Moore
Timothy Dalton
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 27. oktober 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QPTGCWDIW","txt":"1. Nobels fredspris går i 2023 til Narges Mohammadi. Ho sit i det mest illgjetne fengselet i heimlandet, Evin-fengselet, i kva hovudstad?, 2. Kva for eit av dei åtta mårdyra i Noreg manglar dersom me nemner jerv, grevling, røyskatt, snømus, mår, mink og oter? Arten har mykje kvitt rundt snuten., 3. Gatemagasinet =Oslo kostar 100 kroner. Kor mykje får seljaren?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker