Dag og Tid-quizen 29. september 2023

1. Me opnar med anagrammet sylvtube og skal fram til eit dialektord for piggsvin. Kva er ordet?
Bustyvel
Bylvuste
Vestybul
Vybustel
2. Kva heiter sundet mellom Atlanterhavet og Middelhavet?
Bosporossundet
Gibraltarsundet
Marmarasundet
Otrantosundet
3. Kva heiter verket til Sergej Prokofjev frå 1936 som er eit «symfonisk eventyr for barn»? Forteljarstemma og orkesteret utfyller kvarandre.
«Dyrenes karneval»
«Hoffmanns eventyr»
«Kjærligheten til de tre appelsiner»
«Peter og ulven»
4. Kva er i strikking det motsette omgrepet av rett?
Galen
Skrå
Tverr
Vrang
5. Kva stor norsk avis er eigd av Aller Media og har fått Frode Hansen som ny sjefredaktør i 2023?
Aftenposten
Dagbladet
Dagens Næringsliv
VG
6. Alle sulfid inneheld kva for eit grunnstoff?
Silisium
Sulfitt
Svovel
Sølv
7. I kva for eit oddetalsår gav Henrik Ibsen ut Peer Gynt? Det var året etter Brand.
1867
1873
1877
1881
8. Er den kinesiske muren éin samanhengande mur?
Ja
Nei
9. Kva for eit adjektiv i medisin tyder «som er kjenneteikna av at det kjem sår forårsaka av sjukdom og ikkje ytre skade»? Ordet inngår i namnet på ein tarmsjukdom.
Idiopatisk
Inflammatorisk
Ulcerøs
Vulnerøs
10. Kva for eit særforbund i Norges idrettsforbund vart stifta i 1934 og vert forkorta til NIHF?
Norges Idrettshundforbund
Norges Ishallforbund
Norges Ishockeyforbund
Norges Innehåndballforbund
11. Kva foreining, stifta på Hamar i 1970, vert òg forkorta til NIHF? Ho har over 30 lokallag.
Norsk Innsidehandelforening
Norsk Internetthastighetforening
Norsk Ishakkeforening
Norsk Islandshestforening
12. Kva for eit postnummer har postadressa til NRK i Bergen, nemnt mang ein gong i «Norge rundt»? Tverrsummen er 7.
1060
2050
5020
6010
13. Kva heiter læra om flagg?
Heraldikk
Numismatikk
Sigillografi
Vexillologi
14. «Skibladner», kanskje verdas eldste hjuldampar, vert kalla «Mjøsas kvite …» kva?
Due
Lilje
Snøfnugg
Svane
15. Store norske leksikon seier at «Skibladner» truleg er nest eldst, etter «Tudor Vladimirescu». Det sistnemnde skipet seglar på Donau, under flagget til kva for eit land?
Austerrike
Romania
Serbia
Ukraina
16. Kva svensk artist har mellom anna albuma Blott en dag (1998) og Jul i Betlehem (1999)?
Carola Häggkvist
Lisa Nilsson
Samuel Ljungblahd
Tommy Körberg
17. Kven eller kva er Caravaggio, som den italienske barokkmålaren fekk namn etter? Eitt ord held som svar.
Ein by
Ein farge
Ein lærar
Eit skip
18. Kva er statsreligionen i Malaysia, som rundt 60 prosent av innbyggjarane høyrer til?
Buddhismen
Hinduismen
Islam
Kristendomen
19. Kva er dei fulle namna til syskena Borgar og Sigrun frå Ål i Hallingdal? Han er høgsterettsdommar, ho er historieprofessor ved UiT. Dei har same mellomnamn og etternamn.
Borgar Høgetveit Berg og Sigrun Høgetveit Berg
Borgar Loe Sparboe og Sigrun Loe Sparboe
Borgar Riedel Lundstøl og Sigrun Riedel Lundstøl
Borgar Østensen Berglund og Sigrun Østensen Berglund
20. Kva farge har omslaget på Michelinguiden (den vanlege, for restaurantar og hotell)?
Blå
Grøn
Gul
Raud
21. Kva norsk statsminister vart nesten felt i ei sak der regjeringa var mistenkt for hestehandel med franske rakettar?
Einar Gerhardsen
Kåre Willoch
Lars Korvald
Jan P. Syse
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 29. september 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QPTQWW4MW","txt":"1. Me opnar med anagrammet sylvtube og skal fram til eit dialektord for piggsvin. Kva er ordet?, 2. Kva heiter sundet mellom Atlanterhavet og Middelhavet?, 3. Kva heiter verket til Sergej Prokofjev frå 1936 som er eit «symfonisk eventyr for barn»? Forteljarstemma og orkesteret utfyller kvarandre.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker