Dag og Tid-quizen 22. september 2023

1. Årets val er det første sidan 1924 der Noregs største parti ikkje heiter Arbeidarpartiet, men Høgre. Kva oppslutning fekk sistnemnde? Det var 4,3 prosentpoeng meir enn Ap.
21,9 prosent
25,9 prosent
29,9 prosent
33,9 prosent
2. Kva hovudstad arrangerte sommar-OL for andre gong i 1924 og skal på ny gjere det i 2024?
Beijing
London
Paris
Tokyo
3. Også i 1924 var det største partiet Høgre. Kva for ein Ivar var partileiar og skulle seinare verte statsminister?
Ivar Ballangrud
Ivar Lykke
Ivar Mortensson-Egnund
Ivar Mowinckel
4. Kva for halspastillar har namn etter operasongaren Ivar F. Andresen?
Dent
Doc
Ifa
Ricola
5. Kva heiter den øvre og fremste delen av skjoldbrusken i strupehovudet, som er særleg synleg hos menn?
Adamseplet
Akillessena
Amorbogen
Judasøyret
6. Strupehovudet har det vitskaplege namnet larynx. Kva for noko heilt anna har det tilsvarande namnet Lynx lynx?
Gaupe
Jerv
Mår
Raudrev
7. Kva heiter diktet der svarte menneske har vorte lynsja og heng frå poppeltrea? Billie Holiday gjorde ei kjend innspeling i 1939.
«Ripe Fruit»
«Rotten Fruit»
«Sour Fruit»
«Strange Fruit»
8. På kva måte hang Absalom i treet under oppgjeret mot far sin, kong David i Bibelen?
Han hang etter hendene og føtene bundne saman av eitt tau
Han hang etter håret
Han hang i tolv delar, etter å ha vorte skoren opp
Han hang opp ned
9. Romanen Absalom, Absalom! er skriven av han som fekk Nobelprisen i litteratur for året 1949. Kven er det?
Ernest Hemingway
John Steinbeck
Sinclair Lewis
William Faulkner
10. Kva er fødelandet til gravejournalisten Maria Ressa, den eine fredsprisvinnaren frå 2021? Ho har amerikansk statsborgarskap i tillegg.
Brasil
Filippinane
India
Mosambik
11. I kva for eit år var freden i Westfalen, traktatane som gjorde slutt på trettiårskrigen?
1453
1521
1648
1721
12. Kva heiter den tyske delstaten som har Westfalen i namnet?
Baden-Westfalen
Niederwestfalen
Nordrhein-Westfalen
Westfalen-Pfalz
13. Ruhr-området ligg i den nemnde delstaten. Kva sentralt stikkord om Ruhr-området kan me gje fylgjande definisjon: «næringsverksemd som går ut på organisert omlaging av råemne, som oftast på fabrikk»?
Entreprenør
Handverk
Industri
Masseproduksjon
14. Ruhr-området er ein konurbasjon av mange byar. Kva by er det Sandnes utgjer ein konurbasjon med?
Sandefjord
Sandnessjøen
Skien
Stavanger
15. Me held oss i Sandnes og spør: Kva er Crossmaster, Apache og Tomahawk? Svar med merke og produkt.
DBS-syklar
Garn frå SandnesGarn
Ivar Skei-grammofonar
Sandnesgaukar av Simon Asbjørnsen
16. Kva apasjeleiar og urfolkssymbol (1829–1909) var gardbrukar i Oklahoma i USA på dei eldre dagane sine?
Cochise
Crazy Horse
Geronimo
Sitting Bull
17. Kva er yrkestittelen til ein person med jordbruksteoretisk utdanning?
Agronom
Aktuar
Arborist
Assessor
18. Kva roman av Knut Hamsun har vorte kalla «jordbrukets evangelium»?
«Markens grøde»
«Pan»
«På gjengrodde stier»
«Sult»
19. Marie Hamsun var ikkje redd for å by ektemannen på motstand, som ein òg kan sjå i filmen Hamsun (1996). Kva «grand old lady» i dansk skodespelarkunst gav liv til Marie?
Bodil Udsen
Ghita Nørby
Helle Virkner
Malene Schwartz
20. Kor mange ohm er resistansen i ein elektrisk krins dersom spenninga er 12 volt og straumen er 4 ampere? Me føreset at krinsen fylgjer Ohms lov.
1/3 ohm
3 ohm
8 ohm
48 ohm
21. Kva Shakespeare-karakter ser me på eit måleri av John Everett Millais frå 1851–52, der ho flyt med straumen, i ferd med å drukne?
Desdemona
Gjertrud
Julie
Ofelia
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 22. september 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QR74T2D6G","txt":"1. Årets val er det første sidan 1924 der Noregs største parti ikkje heiter Arbeidarpartiet, men Høgre. Kva oppslutning fekk sistnemnde? Det var 4,3 prosentpoeng meir enn Ap., 2. Kva hovudstad arrangerte sommar-OL for andre gong i 1924 og skal på ny gjere det i 2024?, 3. Også i 1924 var det største partiet Høgre. Kva for ein Ivar var partileiar og skulle seinare verte statsminister?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/CDN/93-4548551/ofelia.jpg?sz=1200"}
Powered by: Quiz Maker