Dag og Tid-quizen 12. juli 2024

1. I juni smelte The New York Times til på leiarplass. Kva 81-åring skal inn i tittelen: «To Serve His Country, (…) Should Leave the Race»?
Donald Trump
Joe Biden
Kong Charles 3.
Kong Harald 5.
2. Kva for eit kort er det to av i ein kortstokk med 54 kort?
Honnørkort
Joker
Kløverknekt
Sparess
3. Kva som ligg i kommunane Stad og Volda, har ein europeisk rekord på 514 meter?
Austefjorden
Hornindalsvatnet
Jostedalsbreen
Selje kloster
4. Kva for eit omgrep er Thomas Kuhn kjend for å ha lansert i verket The Structure of Scientific Revolutions (1962)? Omgrepet handlar om fundamental endring.
Kvantesprang
Metamorfose
Paradigmeskifte
Vitskapsrevolusjon
5. Denne musikksjangeren er definert av både geografi og stil. To store namn er Åge Aleksandersen og D.D.E.
Trønderrock
Hardingtonar
Namdalsrock
Nordnorsk julesalme
6. Kva for ein av desse tre påstandane om eplet i logoen til Framstegspartiet er rett: Det er grønt. Det er teke ein bit av det. Det har eit blad.
Det er grønt.
Det er teke ein bit av det.
Det har eit blad.
7. Kven (1924–2018) fekk ei rekkje prisar, til dømes desse fem: André Enghs gullnål, Askøy kommunes kulturpris, Folkehelseprisen, Gullrutens hederspris og Kringkastingsprisen?
Grete Roede
Herbjørn Sørebø
Ingrid Espelid Hovig
Jakob Skarstein
8. Kva var kongeriket til Aleksander den store, som han utvida kraftig både sørover og austover?
Egypt
Hellas
Makedonia
Persia
9. Kor mange lappar er den høgre lunga delt i? Den venstre er delt i to.
Ein
To
Tre
Fire
10. Anne-Marie Ødegaard arbeidde lenge ved Porsgrunds Porselænsfabrik. Kva heiter teserviset frå 1957 som fekk Merket for god design? Den gongen delte serviset namn med eit land.
Abyssinia
Ceylon
Formosa
Siam
11. Kva britisk forfattar, kjend for fantasy, men òg for bøker om til dømes litteratur og kristendom, hadde fornamna Clive Staples?
C.S. Carroll
C.S. Chesterton
C.S. Lewis
C.S. Tolkien
12. Oman har fjell, sletter og ørken. Kva er det mest av, rundt 80 prosent?
Fjell
Sletter
Ørken
13. Det gamalfranske heltediktet Rolandskvadet handlar om ein hærførar under Karl den store. Den fatale feilen til Roland er å blåse for seint i hornet sitt for å tilkalle hjelp. Kva heiter hornet?
Dyrendal
Olifant
Roncevaux
Veillantif
14. Kva for eit lettmetall med atomnummer 13 vert valsa til folie som er vanleg på kjøkenet?
Aluminium
Litium
Magnesium
Titan
15. Nordsamisk, finsk og ungarsk høyrer til den same hovudgruppa i familien uralske språk. Kva hovudgruppe?
Baltiske språk
Finsk-ugriske språk
Samojediske språk
Slaviske språk
16. Den 129 år gamle mosselukta tok slutt då cellulosefabrikken M. Peterson & Søn gjekk konkurs. Det var tidleg i kva for eit tiår?
1980-åra
1990-åra
2000-åra
2010-åra
17. Kva heiter formeiringsorganet hos dei fleste bartre? Hos til dømes gran og furu er dei tørre og harde.
Kongle
Nål
Pollen
Spore
18. Agathe Backer Grøndahl er eit stort namn i norsk musikkhistorie, som komponist og kva slags instrumentalist?
Cellist
Fiolinist
Harpist
Pianist
19. Amerikanske Paul Rudd har spelt mange komedieroller. Eit døme er bipersonen Mike Hannigan, som giftar seg med kva hovudperson?
Elaine i «Seinfeld»
Gloria i «Modern Family»
Lorelai i «Gilmore Girls»
Phoebe i «Friends»
20. Det er marknadslikevekt når det er like mykje tilbod og ... kva?
Etterbetaling
Etterkomst
Etterspørsel
Ettervekst
21. Jonas «Grenlandsplogen» Abrahamsen har nyss vorte den første nordmannen til å få kva trøye i Tour de France?
Klatretrøya
Leiartrøya
Spurttrøya
Ungdomstrøya
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 12. juli 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QSBB1BYK7","txt":"1. I juni smelte The New York Times til på leiarplass. Kva 81-åring skal inn i tittelen: «To Serve His Country, (…) Should Leave the Race»?, 2. Kva for eit kort er det to av i ein kortstokk med 54 kort?, 3. Kva som ligg i kommunane Stad og Volda, har ein europeisk rekord på 514 meter?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker