Dag og Tid-quizen 16. februar 2024

1. Kven fekk artistnamnet sitt fordi duomakkeren og namnebroren Bjørn Morisse var eldre og større?
Bjørn Eidsvåg
Björn Ulvaeus
Lillebjørn Nilsen
Nissa Nyberget
2. Kva heiter den avlange handreiskapen som fører vefttråd att og fram i tradisjonell veving?
Seidel
Skyttel
Sleide
Spatel
3. Kva for to Oppland-kommunar bytte fylke til Viken i 2020 og vidare til Akershus i 2024?
Asker kommune og Bærum kommune
Jevnaker kommune og Lunner kommune
Nannestad kommune og Hurdal kommune
Vestre Toten kommune og Østre Toten kommune
4. Kva aggregattilstand er oksygen i ved romtemperatur?
Fast stoff
Væske
Gass
Plasma
5. Ein attraksjon ved breidda av Daugava, heiter Rigas pils på latvisk. Kva tyder pils?
Bru
Bryggjeri
Slott
Strand
6. Set desse hendingane i Gro Harlem Brundtlands politiske liv i 1981 i kronologisk rekkjefølgje: tapte stortingsvalet, vart partileiar, vart statsminister.
Tapte stortingsvalet, vart partileiar, vart statsminister
Vart partileiar, vart statsminister, tapte stortingsvalet
Vart statsminister, tapte stortingsvalet, vart partileiar
Vart statsminister, vart partileiar, tapte stortingsvalet
7. Emuen i Australia vert bortimot kor høg? Svaret er eit heilt tal i meter.
Ein meter
To meter
Tre meter
Fire meter
8. Kva for noko søtt og luftig heiter barbe à papa på fransk, «pappas skjegg»? Det gjev namn til barnebokfiguren Barbapappa.
Eggedosis
Marshmallows
Softis
Sukkerspinn
9. Apropos luftig: Kva farge hadde den ikoniske kjolen til Marilyn Monroe i filmen The Seven Year Itch?
Gul
Kvit
Rosa
Svart
10. Kva mjølk har 3,5 prosent feitt hos Tine og 3,7 prosent hos Q?
Heilmjølk
Lettmjølk
Kulturmjølk
Skummamjølk
11. Det er krig i Litteratur-Noreg om kven som skal rå over Statens kunstnarstipend. Kva heiter den unge konkurrenten som Den norske Forfatterforening ikkje vil sleppe til?
Forfatterforbundet
Forfatterhuset
Forfatterlaget
Forfattervennene
12. IBU styrer kva sport, der det er VM no om dagen?
Badminton
Boksing
Skiskyting
Symjesport
13. I kva år som sluttar på 0 vart Anne Pedersdotter brend som heks? Ektemannen, den kjende humanisten Absalon Pedersson Beyer, døydde 15 år før.
1540
1590
1640
1690
14. Berre éin nordmann har hatt målgjevande pasning i eit fotball-EM for menn. Kva målvakt var det?
Erik Thorstvedt
Frode Grodås
Frode Olsen
Thomas Myhre
15. Kva kategori høyrer både kvinnebunad og mannsbunad frå Setesdal til?
Kategori 1 (ubroten tradisjon)
Kategori 2 (nesten ubroten tradisjon)
Kategori 3 (rekonstruert bunad)
Kategori 4 (laga etter mangelfullt materiale)
16. Kva var spesielt med tollaren Sakkeus reint kroppsleg, ifølgje Bibelen?
Han var blind
Han var lam
Han var låg
Han var spedalsk
17. Livet og forfattarskapen til Charles Bukowski handlar mykje om slit, alkohol, kvinner, skriving og ikkje minst kva by?
Chicago
Detroit
Los Angeles
New York
18. I kva for eit land er 91 år gamle Sirikit enkjedronning?
Bhutan
Kambodsja
Malaysia
Thailand
19. Kva italiensk-fransk astronom (1625–1712) gjorde viktige observasjonar av Jupiter og Saturn? Han oppdaga til dømes gapet mellom A-ringen og B-ringen til Saturn, som har namn etter han.
Christiaan Huygens
Galileo Galilei
Giovanni Domenico Cassini
Giovanni Schiaparelli
20. Kva er eit anna ord for morallære eller moralfilosofi?
Eklektisisme
Epistemologi
Estetikk
Etikk
21. Kva folkrockgruppe frå Trondheim vann årets Melodi Grand Prix?
Gangar
Glittertind
Gåte
TNT
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 16. februar 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QTTB59WKT","txt":"1. Kven fekk artistnamnet sitt fordi duomakkeren og namnebroren Bjørn Morisse var eldre og større?, 2. Kva heiter den avlange handreiskapen som fører vefttråd att og fram i tradisjonell veving?, 3. Kva for to Oppland-kommunar bytte fylke til Viken i 2020 og vidare til Akershus i 2024?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker