Dag og Tid-quizen 20. oktober 2023

1. Åtaket på Israel 7. oktober kom tilnærma på dagen 50 år etter eit anna åtak på Israel. Kva krig tok til med det sistnemnde åtaket?
Golfkrigen
Jom kippur-krigen
Seksdagarskrigen
Suezkrisa
2. Gaza er mindre enn Oslo kommune. Om lag kor mange bur i Gaza?
2000
20 000
200 000
2 000 000
3. Kva for eit stoff vert brote ned om hausten hos dei fleste lauvtre, som dimed får andre fargar på blada?
Kloroform
Klorofyll
Kolesterol
Kollagen
4. Var Eva Perón i live då musikalen Evita hadde premiere i 1978?
Ja
Nei
5. Dette ordet på k viser til ulike reiskapar som bryt opp og luftar jorda. Eit døme er ei stor moderne innretning som heng etter traktoren. Eit anna er eit handreiskap der tindane er bøygde, til luking i bedet.
Kardask
Kjørel
Krafse
Kultivator
6. Kva bok i Bibelen vert gjerne kalla Acts på engelsk og Acta på latin?
Apostelgjerningane
Domarane
Forkynnaren
Johannes' openberring
7. Kva amerikansk selskap med namn etter to grunnleggjarar har varemerke som Pampers, Ariel og Gillette?
Johnson & Johnson
Procter & Gamble
Smith & Wesson
Villeroy & Boch
8. Kva litterær skikkelse ser seg lei av å vere ektefellens «lille lerkefugl»?
Constance Ring
Fru Marta Oulie
Hedda Gabler
Nora Helmer
9. I islam er wudu og ghusl høvesvis den vesle og den store kva?
Bøna
Pilegrimsferda
Reinsinga
Truvedkjenninga
10. Kva veke tok til i 1953 og startar normalt i Schattenberg-bakken i Oberstdorf?
Den tysk-austerrikske hoppveka
Ekstremsportveko
Oktoberfest
Tour de Ski
11. Kva kommune i Møre og Romsdal har ei himmelretning først i namnet og ligg i traktene mellom Ålesund og Molde?
Austrheim kommune
Norddal kommune
Sørfold kommune
Vestnes kommune
12. Kva europeisk herrefotballturnering vart arrangert frå 1960 til 1999, då han vart innlemma i Europaligaen?
Cupvinnarcupen
Messebycupen
Serievinnarcupen
UEFA-cupen
13. Yngsteson til Magnus Lagabøte var norsk konge frå 1299 til han døydde i 1319 utan søner. Kva namn og nummer hadde han? Han og dronning Eufemia fekk berre dottera Ingebjørg, som var mor til den neste kongen.
Håkon 5.
Håkon 6.
Magnus 6.
Magnus 7.
14. Kva for eit kunstomgrep er definert slik i Nynorskordboka: «bilethoggararbeid som syner eit menneskehovud med øvste delen av overkroppen (utan armar)»?
Byste
Skulptur
Statue
Torso
15. Kva kjend historisk duo var det Matt Damon og Heath Ledger spelte ein fiksjonalisert versjon av på film i 2005?
Asbjørnsen og Moe
Brørne Grimm
David Livingstone og Henry Morton Stanley
Richard Burton og John Hanning Speke
16. Kva vart i 1811 det første frie landet i Sør-Amerika? Både Colombia og Chile erklærte seg sjølvstendige året før, men me reknar ikkje dette som fullført før nokre år seinare.
Argentina
Ecuador
Paraguay
Uruguay
17. Om lag kor høg temperatur er det på overflata til sola, i celsius?
550 grader
5500 grader
55 000 grader
550 000 grader
18. Kva heiter vanleg Tine-rømme, den med 35 prosent feitt?
Bygderømme
Gardsrømme
Seterrømme
Stølsrømme
19. I 2023 går Nobelprisen i medisin til to forskarar som medverka til å lage mRNA-vaksinar mot covid-19. Den eine vinnaren er amerikanske Drew Weissman. Kva heiter den ungarskfødde kollegaen hans, som vert kalla «koronavaksinens mor»?
Anne L'Huillier
Frances H. Arnold
Jennifer Doudna
Katalin Karikó
20. Kva farge har den øvste stripa i flagget til Tyskland?
Grøn
Gul
Raud
Svart
21. Kva slags plikt var det på Briskeby-trikken i «Det året det var så bratt», ifylgje Øystein Sunde?
Buplikt
Spiseplikt
Teieplikt
Vikeplikt
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 20. oktober 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QUB0CG7L5","txt":"1. Åtaket på Israel 7. oktober kom tilnærma på dagen 50 år etter eit anna åtak på Israel. Kva krig tok til med det sistnemnde åtaket?, 2. Gaza er mindre enn Oslo kommune. Om lag kor mange bur i Gaza?, 3. Kva for eit stoff vert brote ned om hausten hos dei fleste lauvtre, som dimed får andre fargar på blada?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker