Dag og Tid-quizen 13. oktober 2023

1. Kva for fire norske forfattarar har vorte tildelte Nobelprisen i litteratur?
Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun, Sigrid Undset og Jon Fosse
Bjørnstjerne Bjørnson, Tarjei Vesaas, Sigrid Undset og Jon Fosse
Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Sigrid Undset og Jon Fosse
Henrik Ibsen, Tarjei Vesaas, Sigrid Undset og Jon Fosse
2. Quizen denne veka hyllar Jon Fosse, den første litteraturvinnaren med kva for eit skriftspråk?
Nordsamisk
Norrønt
Nynorsk
Riksmål
3. I 2023 er det eit rundt tal år sidan han debuterte med Raudt, svart. Kva var året?
1963
1973
1983
1993
4. Forfattarskapen dekkjer mange sjangrar. Kva skjønnlitterær sjanger er dei to første verka, Raudt, svart og Stengd gitar?
Diktsamling
Novellesamling
Roman
Skodespel
5. Internasjonalt er Fosse best kjend som dramatikar, Noregs største etter Ibsen. Kva heiter det første skodespelet han skreiv, inspirert av Mens vi venter på Godot?
«Draum om hausten»
«Namnet»
«Natta syng sine songar»
«Nokon kjem til å kome»
6. Kva av desse er eit viktig stikkord for skodespela hans?
Blømande språk
Lange monologar
Lystløgn
Stille
7. Kva norsk kunstmålar (1830–1902) handlar romanane Melancholia I og Melancholia II om?
Edvard Munch
Harriet Backer
Kitty Kielland
Lars Hertervig
8. Ei av diktsamlingane til Fosse heiter Stein til stein. Ifylgje undertittelen inneheld ho 39 dikt og éin … kva?
Aforisme
Novelle
Salme
Strofe
9. Kva for ei Cecilie gav ut Fosse-biografi i 2009 og er redaktøren hans i Samlaget?
Cecilie Enger
Cecilie Hellestveit
Cecilie Løveid
Cecilie N. Seiness
10. Kva er oppvekststaden til Jon Fosse, der Fossehuset kom på plass i 2021?
Balestrand
Kinsarvik
Nordfjordeid
Strandebarm
11. Fosse bur i Grotten i Oslo, men òg dels på Frekhaug utanfor Bergen, dels i byen Hainburg. Sistnemnde ligg i heimlandet til fleire forfattarar Fosse har gjendikta, som Peter Handke og Thomas Bernhard. Kva land er det?
Austerrike
Nederland
Sveits
Tyskland
12. Kva slags slektning er samarbeidspartnaren Anna Fosse (f. 1986)?
Dotter
Halvsyster
Kona hans
Niese
13. Kva av desse finn me fleire av i bibliografien hans?
Barnebøker
Filmmanus
Kokebøker
Ordbøker
14. I eit essay frå 1989 nytta Fosse tre engelske omgrep. Han meinte litteraturen var i rørsle frå «telling», via «showing» til kva tredje uttrykksmåte?
«Flowing»
«Saying»
«Whispering»
«Writing»
15. Tilbake til romanar. Kva heiter det mest omfattande verket hans? Dei sju banda kan vere samla i til dømes tre fysiske bøker.
«Trilogien»
«Tetralogien»
«Heksalogien»
«Septologien»
16. Kva for eit eldre namn på ein norsk by er sentralt i både Trilogien og verket i førre spørsmål?
Bjørgvin
Fredrikshald
Kristiania
Nidaros
17. I Trilogien vel hovudpersonen Asle å nytte kva for eit anna mannsnamn? Det inngår i tittelen på det andre bandet, mellom Andvake og Kveldsvævd. Det er dessutan det andre fornamnet til Jon Fosse.
Olav
Oluf
Ottar
Ove
18. Kva for eit teater arrangerer Fossefestivalen saman med Det Norske Samlaget?
Den Nationale Scene
Det Norske Teatret
Nationaltheatret
Rogaland Teater
19. Kva skodespelar med nordnorsk dialekt fekk Heddaprisen og Kritikarprisen i 2020 for rolla som Ales i Trilogien på Det Norske Teatret? Ho spelte nyleg i gjendiktinga hans Oresteia på same teater.
Gjertrud Jynge
Gørild Mauseth
Marie Blokhus
Hildegun Riise
20. Den nemnde skodespelaren er ein av fleire som tykkjer Fosse har umiskjennelege tekstar. Kva kallar dei han?
Museal
Musestille
Musikalsk
Muskuløs
21. Fullfør grunngjevinga for Nobelprisen i litteratur i 2023, med eit ord på u: «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det …»?
Ufrie
Umiskjennelege
Urørlege
Useielege
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 13. oktober 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QV4D3XKZM","txt":"1. Kva for fire norske forfattarar har vorte tildelte Nobelprisen i litteratur?, 2. Quizen denne veka hyllar Jon Fosse, den første litteraturvinnaren med kva for eit skriftspråk?, 3. I 2023 er det eit rundt tal år sidan han debuterte med Raudt, svart. Kva var året?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker