Dag og Tid-quizen 3. november 2023

1. Kva for ein Oliver, fødd i 2003, vert kalla «årets litterære nykommar» av NRK-meldar Knut Hoem? Han meiner språket i debuten Da vi var yngre er «eit kroatisk-somalisk-norsk fyrverkeri».
Oliver Berdal
Oliver Gundulić
Oliver Lovrenski
Oliver Solberg
2. Romanen Da vi var yngre nyttar mange slangord, til dømes bausj. Kva slags yrkesutøvar er det?
Brannkonstabel
Lækjar
Lærar
Politi
3. Norsk natur byr på blåveis og kvitveis, men òg ein tredje «veis» med namn etter ein farge. Kva art er det?
Brunveis
Gulveis
Raudveis
Svartveis
4. Dei seks stjernene i flagget til Kosovo symboliserer seks kva?
Delstatar
Folkegrupper
Fridomsheltar
Språk
5. Kva britisk luksusbilmerke har mange modellar på E, som Esprit, Elise og Evora?
Aston Martin
Bentley
Lotus
Rolls-Royce
6. Dei tre spanske monarkane Filip 3., Filip 4. og Karl 2. dekkjer til saman kva for eit hundreår?
1400-talet
1500-talet
1600-talet
1700-talet
7. Er toglinene mellom Oslo Sentralstasjon og Hamar innom Lillestrøm stasjon?
Ja
Nei
8. Kva heiter avlange, fylte vassbakkels med eit fransk ord? Dette er òg namnet på ein bit i Twist-posen.
Croquembouche
Eclairs
Gougères
Profiteroles
9. Kva herrefotballag frå Vestlandet har cupfinaletapet mot Brann i 1976 som den største meritten sin? Dei har spelt mange sesongar på øvste nivå, med 6. plass i 1988 som beste resultat.
Bryne
Fyllingen
Sandnes Ulf
Sogndal
10. Kva vert prostataen vanlegvis med alderen: større eller mindre?
Større
Mindre
11. Nobels minnepris i økonomi går i 2023 til Harvard-professor Claudia Goldin. Ho har forska lenge på korleis ei gruppe menneske har det i arbeidslivet. Kva slags menneske?
Einslege
Innvandrarar
Kvinner
Menneske med autisme
12. Kva står forkortinga SIM for i SIM-kort?
Small Interactive Memory
Small Interactive Module
Subscriber Identity Memory
Subscriber Identity Module
13. Kva tyder det latinske uttrykket in flagranti?
I god tru
I forbifarta
I praksis
På fersk gjerning
14. Kva brite med sterk røyst har gjeve ut fire studioalbum så langt, alle med numeriske titlar: 19, 21, 25 og 30?
Adele
Dua Lipa
Robbie Williams
Sam Smith
15. Kva er det Nore stavkyrkje, Uvdal stavkyrkje og Høyjord stavkyrkje har, til forskjell frå andre bevarte norske stavkyrkjer? Det er lett å sjå dette når du går inn.
Glasmåleri
Midtmast
Svalgang
Takryttar
16. Kva er den høgaste verdien på Mohs’ hardleiksskala, som diamant har?
5
10
12
20
17. Kven var det ein sjuk og sliten Odvar Nordli ville at skulle overta som statsminister? Den audmjuke miljøvernministeren (1920–2006) peikte vidare på Gro Harlem Brundtland, som fekk jobben i 1981.
Ivar Leveraas
Reiulf Steen
Rolf Hansen
Ronald Bye
18. I kva sport kan du ta ein trippel axel, med namn etter norske Axel Paulsen?
Kunstløp
Segling
Skyting
Turn
19. På kva fiktiv gresk øy er kanonane i romanen frå 1957 av Alistair MacLean? Filmen kom i 1961.
Navarino
Navarone
Solferino
Solferone
20. Kva organisasjon i PLO styrer i praksis Vestbreidda, til forskjell frå Hamas, som styrer Gaza?
Abbas
Fatah
Hizbollah
PFLP
21. På kva vanleg blåseinstrument i eit symfoniorkester er munnstykket eit smalt, s-forma røyr som stikk langt ut på tvers?
Fagott
Obo
Tverrfløyte
Valthorn
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 3. november 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QV50YZC74","txt":"1. Kva for ein Oliver, fødd i 2003, vert kalla «årets litterære nykommar» av NRK-meldar Knut Hoem? Han meiner språket i debuten Da vi var yngre er «eit kroatisk-somalisk-norsk fyrverkeri»., 2. Romanen Da vi var yngre nyttar mange slangord, til dømes bausj. Kva slags yrkesutøvar er det?, 3. Norsk natur byr på blåveis og kvitveis, men òg ein tredje «veis» med namn etter ein farge. Kva art er det?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker