Dag og Tid-quizen 10. november 2023

1. Knyt dei nye Høgre-ordførarane Anne Lindboe, Kent Ranum og Marit Warncke til Oslo, Bergen og Trondheim.
Anne Lindboe i Oslo, Kent Ranum i Bergen, Marit Warncke i Trondheim
Anne Lindboe i Oslo, Marit Warncke i Bergen, Kent Ranum i Trondheim
Marit Warncke i Oslo, Kent Ranum i Bergen, Anne Lindboe i Trondheim
Marit Warncke i Oslo, Anne Lindboe i Bergen, Kent Ranum i Trondheim
2. Kva art i slekta Coffea utgjer rundt 60 prosent av verdas kaffiproduksjon? Her er svaret på latin.
'Coffea arabica'
'Coffea liberica'
'Coffea robusta'
'Coffea sinensis'
3. Fullfør metaforen som opnar songen «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus: «Det snør himmelsk …»
Edderdunsdyne
Hermelinpels
Korrekturlakk
Melkebart
4. Kva for tre år utgjer tidsrommet frå Syn og Segn kom ut første gongen, til Ivar Aasen døydde?
1885–1887
1890–1892
1894–1896
1899–1901
5. I kva europeisk språk er bokstaven s-komma eit særtrekk? Han ser ut som ein s med komma under. Både hovudstaden og ein diktator kan vere til hjelp.
Portugisisk
Rumensk
Spansk
Ungarsk
6. Dei norske kråkefuglane er stort sett kva slags fuglar, om me tenkjer på overvintring?
Trekkfuglar
Stamfuglar
Standfuglar
Streiffuglar
7. Kvar er det ikkje lov å le, ifylgje tittelen på ein realityserie med premiere i 2021? Programleiar er Mads Hansen.
I gravferd
På do
På Gran Canaria
På hytta
8. På kva øy ligg Aoraki, det høgaste fjellet på New Zealand? Det er òg kjent som Mount Cook.
Nordøya
Stewartøya
Sørøya
Tasmania
9. Standardversjonen av Norsk salmebok 2013 er raud. Kva er spesielt med den blå versjonen?
Han er på nordsamisk
Han er på nynorsk
Han har punktskrift
Han har stor skrift
10. «Kvinneregjeringa» til Gro Harlem Brundtland tiltredde i 1986. Kor mange av dei 18 medlemmene var kvinner?
Seks
Åtte
Ti
Tolv
11. Kva planet i solsystemet har ein karakteristisk farge fordi jernmineral i bakkestøvet har rusta?
Merkus
Venus
Jorda
Mars
12. Har Nord-Korea nokon gong vunne OL-gull?
Ja
Nei
13. Dei franske byane Amiens, Bourges, Chartres, Paris og Reims kan alle skilte med kva slags verdsarvstad?
Katedral
Kloster
Kurbad
Slott
14. Kva er rett status og kjønn på amerikanske Jean M. Auel, forfattaren av Hulebjørnens klan (1. november 2023)?
Død kvinne
Død mann
Levande kvinne
Levande mann
15. Goa var den viktigaste av dei mange indiske koloniane til kva for eit land?
Nederland
England
Danmark-Noreg
Portugal
16. Kva dansk porselensprodusent har du dersom det står B&G på undersida av serviset?
Bing & Grøndahl
Bing & Gustavsberg
Boch & Grøndahl
Boch & Gustavsberg
17. Kva heiter organellen som vert kalla energiverket i cella? Fleire delar av celleandinga skjer her.
Golgiapparat
Mitokondrie
Ribosom
Vakuole
18. Kor lenge har du vore gift når du feirar papirbryllaup (i norsk språkbruk)?
Eitt år
To år
10 år
25 år
19. Kva heiter Sørlandets lengste elv, som møter havet i Kristiansand?
Nidelva
Orkla
Otra
Sira
20. Kva brettspelklassikar har eit namn som tyder «eg speler»?
Dam
Go
Ludo
Sjakk
21. Temaet demens har ein naudsynt plass i Anne Helgesens nye biografi, som har undertittelen Mye mer enn Mormor. Kven er den biograferte?
Anne-Cath. Vestly
Inger Hagerup
Margrethe Munthe
Marie Hamsun
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 10. november 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QVO90K3FP","txt":"1. Knyt dei nye Høgre-ordførarane Anne Lindboe, Kent Ranum og Marit Warncke til Oslo, Bergen og Trondheim., 2. Kva art i slekta Coffea utgjer rundt 60 prosent av verdas kaffiproduksjon? Her er svaret på latin., 3. Fullfør metaforen som opnar songen «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus: «Det snør himmelsk …»","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker