Dag og Tid-quizen 22. desember 2023

1. Kva for eit adjektiv, som startar med ei norsk forkorting, er kåra til årets ord i 2023?
AI-generert
AI-produsert
KI-generert
KI-produsert
2. Kva fundamentalt uttrykk i sjakk kjem frå arabisk for «kongen er død»?
Gambit
Remis
Rokade
Sjakkmatt
3. Kor mange gram er ein vanleg referanse for laupelengda til strikkegarn? Til dømes er garnet «Alpakka» frå Sandnes Garn ca. 110 meter per dette talet gram.
50 gram
100 gram
200 gram
500 gram
4. Kva vanleg juleplante med særeigen plass i rommet høyrer til sandeltrefamilien?
Julestjerne
Juletre
Kristtorn
Misteltein
5. Kor ofte har det skjedd sidan 2000 at heile Mjøsa vart islagd i løpet av vinteren: alltid, av og til eller aldri?
Alltid
Av og til
Aldri
6. Kva heiter stativet som eit måleri står på under arbeidet?
Atelier
Kavalett
Palett
Staffeli
7. I kva vintersportsstad ligg Schattenbergschanze, der den tysk-austerrikske hoppveka tek til?
Bischofshofen
Garmisch-Partenkirchen
Innsbruck
Oberstdorf
8. Juleevangeliet fortel at Maria og Josef drog til Betlehem fordi sistnemnde høyrde til kva hus og ætt?
Abrahams hus og ætt
Benjamins hus og ætt
Davids hus og ætt
Jakobs hus og ætt
9. Er linsene i brillene til langsynte personar konvekse eller konkave?
Konvekse
Konkave
10. Troll var eit kjent forsøk på norsk bilproduksjon i 1950-åra. Kvar i Telemark låg fabrikken?
Lunde
Notodden
Rjukan
11. I kva rundt og pent år skal Sankta Lucia ha fylt om lag 17 år? Ho vart drepen fire år seinare.
100 e.Kr.
200 e.Kr.
300 e.Kr.
400 e.Kr.
12. Kva avisliknande namn har albumet frå 1977 der Ole Paus kommenterte aktuelle saker i skillingsviseform? Namnet inngår òg i tittelen på dei to oppfølgjarane.
«Ole-magasinet»
«Ole-stikka»
«Paus-bladet»
«Paus-posten»
13. Kva hovudstad i Sør-Amerika har eit namn som viser til at han vart grunnlagd på minnedagen for himmelferda til jomfru Maria?
Asunción
Buenos Aires
La Paz
Santiago
14. Er det pinnekjøt eller ribbe som er den vanlegaste julemiddagen i Noreg?
Pinnekjøt
Ribbe
15. Kva for eit land vart i 1906 det første europeiske som gav kvinner røysterett? Landet var rett nok ikkje sjølvstendig då.
Albania
Finland
Island
Polen
16. Kva farge har ei vaksen dompaphoe på undersida og kinna?
Gråbeige
Klarraud
Kvit
Svart
17. Kva nordmann vert nemnd – to gonger, til og med – i nobelførelesinga til Jon Fosse? Undervegs møter me òg Mikhail Bakhtin, Jacques Derrida, Marguerite Duras, Franz Kafka, Svenska Akademien og Gud.
Arne Garborg
Halldis Moren Vesaas
Ivar Aasen
Olav H. Hauge
18. Kva for eit hjelpemiddel i TV-programmet Vil du bli millionær? er ei folkerøysting i studio over kva som er rett svar?
«Spør folket»
«Spør publikum»
«Spør salen»
«Spør studio»
19. Cop28 vedtok ordlyden «transition away from fossil fuels». Kva for eit emirat var arrangør?
Abu Dhabi
Dubai
Kuwait
Qatar
20. Ein gong oppdaga quizmeisteren at ordboka NAOB mangla oppslagsordet som tyder «person frå Dei sameinte arabiske emirata». Ein e-post til redaksjonen, og vips, så var artikkelen på plass. Kva ord?
Emir
Emirabar
Emiratar
Emiratarabar
21. Me ønskjer god jul og spør: Kva for eit ensemble vart stifta i 1940 og har namn etter draktene som for lengst har vorte erstatta av matrosdressar?
Gullguttene
Gulljentene
Sølvguttene
Sølvjentene
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 22. desember 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QW8NS0KXK","txt":"1. Kva for eit adjektiv, som startar med ei norsk forkorting, er kåra til årets ord i 2023?, 2. Kva fundamentalt uttrykk i sjakk kjem frå arabisk for «kongen er død»?, 3. Kor mange gram er ein vanleg referanse for laupelengda til strikkegarn? Til dømes er garnet «Alpakka» frå Sandnes Garn ca. 110 meter per dette talet gram.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker