Dag og Tid-quizen 13. mars 2026
1. Kven var øvste leiar i Iran frå 1989 til han vart drepen under luftåtaka frå USA og Israel i februar?
Ali Khamenei
Masoud Pezeshkian
Mojtaba Khamenei
Ruhollah Khomeini
2. Den drepne leiaren var frå den nest største byen i Iran. Kva by, nær grensa til Turkmenistan og Afghanistan?
Isfahan
Mashhad
Shiraz
Tabriz
3. Kva by, nest størst i landet sitt, husar fotballag som IFK, GAIS, Örgryte og Häcken?
Göteborg
Hamburg
Malmö
München
4. Kva for gryter har òg øyre, ifølgje uttrykket?
Høge gryter
Låge gryter
Små gryter
Store gryter
5. Kva er den andre av dei små knoklane i mellomøyret? Han er mellom hammaren og stigbøyelen.
Ambolten
Labyrinten
Sniglehuset
Spikaren
6. Sorter desse delane på hestesalen frå over til under på dyret: baksvissel, salgjord, stigbøyel.
Baksvissel, salgjord, stigbøyel
Baksvissel, stigbøyel, salgjord
Salgjord, baksvissel, stigbøyel
Salgjord, stigbøyel, baksvissel
7. Kva farge skal Marengo, den vidgjetne krigshesten til Napoleon, ha hatt?
Blakk
Fuks
Gråskimmel
Svart
8. I kva for eit år var det «Napoleon med sin hær over Alpene dro»? På andre sida, i dagens Italia, vann han i juni slaget ved Marengo, som hesten fekk namn etter.
1800
1804
1808
1812
9. Apropos Italia: Kva er desse femten personane ei aktuell og uttømmande liste over: Magnus Balchen, Marcus Grasto Nilsson, Jesper Saltvik Pedersen, Bernt Marius Rørstad, Ingrid Djupskås, Geir Arne Skogstad, Jostein Stordahl, Mia Larsen Sveberg, Ole Fredrik Syversen, Indira Liseth, Vilde Nilsen, Kjartan Haugen, Endre Lykken, Thomas Oxaal og Niklas Lohne-Hansen?
Noregs tropp i vinter-deaflympics i Milano/Cortina
Noregs tropp i vinter-OL i Milano/Cortina
Noregs tropp i vinter-PL i Milano/Cortina
Noregs tropp i Special Olympics i Milano/Cortina
10. Eit av Noregs femten fylke har ein griff i fylkesvåpenet, som referanse til Bjarkøy-ætta. Kva fylke?
Trøndelag
Nordland
Troms
Finnmark
11. Ein griff er halvt ørn og halvt … kva?
Bjørn
Løve
Tiger
Ulv
12. Harpyørnen er blant verdas største rovfuglar. Han lever hovudsakleg i kva for eit land?
Australia
Brasil
Indonesia
Russland
13. Alistair MacLean-romanen Where Eagles Dare (1967) kom som film året etter, med Richard Burton, Clint Eastwood og Mary Ure. Kva er den norske tittelen?
«Ørneblikket»
«Ørnekloa»
«Ørneredet»
«Ørnerovet»
14. The Eagles er best kjend for kva song om eit hotell?
«Blue Hotel»
«Chelsea Hotel No. 2»
«Heartbreak Hotel»
«Hotel California»
15. Strawberry har fleire hotellmerke, til dømes Quality. Eit av dei andre deler namn med ein type lys trompet brukt i mellomalderen og renessansen. Kva namn?
Clarion
Comfort
Helikon
Home
16. Er ordet trompet nemnt i Bibelen?
Ja
Nei
17. Me skal fram til ein populær sommarprydplante. Han har traktforma blomar i talrike fargevariantar og høver godt i ampel. Han er kjend under det latinske slektsnamnet sitt i søtvierfamilien.
'Begonia'
'Hortensia'
'Pelargonia'
'Petunia'
18. Rachel Ruysch levde i den nederlandske gullalderen. Kva aktivitet knytt til blomar var ho ein meister i?
Blomedekorasjon
Blomemåleri
Plantefarging
Rosedyrking
19. Kva dronning var Nederlands monark i det lange tidsrommet 1890–1948?
Beatrix
Emma
Juliana
Vilhelmina
20. Kva matvare manglar her til dronning Maud-dessert, også kalla Haugesundsdessert: 6 desiliter kremfløyte, 5 eggeplommer, 5 matskeier sukker, 5 …, 3 dropar romessens og 100 gram mørk kokesjokolade?
Bringebær
Gelatinplater
Jordbær
Vaniljestenger
21. Haraldshaugen i Haugesund er hevda å vere gravstaden til … kven?
Harald 1. Hårfagre
Harald 2. Gråfell
Harald 3. Hardråde
Harald 4. Gille
{"name":"Dag og Tid-quizen 13. mars 2026", "url":"https://www.quiz-maker.com/QWN959X5T","txt":"1. Kven var øvste leiar i Iran frå 1989 til han vart drepen under luftåtaka frå USA og Israel i februar?, 2. Den drepne leiaren var frå den nest største byen i Iran. Kva by, nær grensa til Turkmenistan og Afghanistan?, 3. Kva by, nest størst i landet sitt, husar fotballag som IFK, GAIS, Örgryte og Häcken?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}