Dag og Tid-quizen 2. juni 2023

1. Me startar i norsk idrett, listar opp åtte år og spør: Kva skjedde i 1923, 1925, 1972, 1976, 1982, 2004, 2022 og 20. mai 2023? Alle gongene unntatt i 2022 var på herresida.
Brann vann cupfinalen i fotball
Ein nordmann sykla med rosa trøye i Giro d'Italia
Noreg fekk ein stormeister i sjakk
Ein nordmann vann ein enkeltsiger i verdscupen i turn
2. Kva engelsk kongehus var Maria 1., «Bloody Mary», ein del av? Ho styrte frå 1553 til 1558.
Lancaster
Stuart
Tudor
York
3. Kva for eit brennevin er det i drinken bloody mary?
Akevitt
Gin
Vodka
Whisky
4. Kva for eit instrument har Arve Tellefsen spelt i over 70 år?
Fiolin
Piano
Trompet
Pauke
5. Valdres kan skilte med heile seks stavkyrkjer. Kva for ei av desse ligg der?
Hedalen stavkyrkje
Heddal stavkyrkje
Hopperstad stavkyrkje
Høyjord stavkyrkje
6. Kva for ei av desse behåstorleikene er størst?
80A
80B
80C
80D
7. Kva fysikar laga i 1800 eit tidleg batteri ved å stable metallplatepar oppå kvarandre? Innimellom kvart par la han pappstykke som var fukta i ei saltløysning.
Alessandro Volta
Georg Ohm
Hans Christian Ørsted
Luigi Galvani
8. Då Tina Turner døydde, var det fleire som heidra henne med kva for tre ord? Dei er frå refrenget i coverlåthiten hennar frå 1989. Dei to siste orda er dessutan tittelen på songen.
«Always the best»
«Just the best»
«Only the best»
«Simply the best»
9. Tina Turner døydde ikkje som amerikanar, men sveitsar, i Küsnacht. Byen ligg i den mest folkerike kantonen i landet. Kva kanton?
Aargau
Bern
Vaud
Zürich
10. Kva gjenstand fungerte som «turban» på den omstridde Muhammed-karikaturen til Kurt Westergaard?
Ein AK-47
Ei bombe
Ein slange
Ein toalettrull
11. Når levde Giovanni Boccaccio, forfattaren av Dekameronen?
1213–1275
1313–1375
1413–1475
1513–1575
12. Gaupa høyrer til kva familie av rovpattedyr?
Bjørnefamilien
Hundefamilien
Kattefamilien
Mårfamilien
13. Det er vanleg å dele dagens jødar inn etter opphav. Kva er omgrepet for dei som er etterkommarar av jødar i Mellom-Europa og Aust-Europa i mellomalderen?
Askenasar
Falasha
Sefardar
Mizrahim
14. Kva er den siste av dei fem kystbyane i hugseregelen «lille grimme Arne trenger ris»?
Raufoss
Risør
Rjukan
Røros
15. Kva er det personar med amaurose manglar heilt?
Høyrsle
Luktesans
Syn
Taleevne
16. Mange nordmenn har nyleg sett USS «Gerald R. Ford», som vert rekna som verdas største krigsskip. Kva slags krigsskip er det?
Ein fregatt
Eit hangarskip
Eit slagskip
Ein undervassbåt
17. Takashi Shimura og Toshiro Mifune samarbeidde båe tett med kva endå meir kjend japanar?
Akira Kurosawa
Keisar Hirohito
Tokugawa Ieyasu
Yoko Ono
18. Kva for eit tal heiter tres på dansk?
30
40
50
60
19. Kva norsk biletkunstnar (f. 1951) er aktuell med utstillinga Hjertebank på Munchmuseet? Ho nyttar mange minne frå barndommen, som var prega av erfaringane til den særs kjende far hennar.
Elin Prøysen
Marianne Bratteli
Tone Vigeland
Åsil Øverland
20. Kva kallar me 25 års bryllaupsdag?
Gullbryllaup
Krystallbryllaup
Perlebryllaup
Sølvbryllaup
21. Kva turnøving med eit dyrisk namn skjer på eit apparat som har to handtak på toppen?
Bukk
Bøylehest
Løpande villsvin
Monkeybar
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 2. juni 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QXUQQYC0X","txt":"1. Me startar i norsk idrett, listar opp åtte år og spør: Kva skjedde i 1923, 1925, 1972, 1976, 1982, 2004, 2022 og 20. mai 2023? Alle gongene unntatt i 2022 var på herresida., 2. Kva engelsk kongehus var Maria 1., «Bloody Mary», ein del av? Ho styrte frå 1553 til 1558., 3. Kva for eit brennevin er det i drinken bloody mary?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker