Dag og Tid-quizen 12. september 2025

1. Er stortingspresidenten sjølv ein av dei 169 stortingsrepresentantane?
Ja
Nei
2. Kva er materialet i den japanske brettekunsten origami?
Blad
Glas
Papir
Plast
3. I ein klassisk revysketsj (1955) vert Kari Diesen driven til vanvit av bestillingane til Leif Juster, Ernst Diesen og Arve Opsahl. Kva slags butikk er åstaden?
Iskrembar
Kledebutikk
Pølsebod
Vinmonopolet
4. Ein tarpon er ein type stor … kva?
Fisk
Fugl
Hammar
Øks
5. Kven er mikkelsmesse, 29. september, til minne om?
Erkeengelen Mikael
Evangelisten Markus
Evangelisten Matteus
Martin av Tours
6. Kva engelsk namn har luftakrobatikk med lange tøystykke, gjerne to som heng ned frå taket?
Curtain
Fabric
Hoop
Tissue
7. Kva farge har Freia-boksen med vaniljesukker, ikkje å forveksle med bakepulver?
Blå
Grøn
Gul
Raud
8. Kva tittelfigur syng arien «L’amour est un oiseau rebelle», best kjend som «Habanera»?
Aïda
Carmen
La belle Hélène
Turandot
9. Kva sportsklasse er Martinius Stenshorne frå Hokksund klar for frå sesongen 2026? Då er han berre eitt trinn unna den øvste, som ingen nordmann har vore i.
Formel B
Formel 2
Formel 3000
GP2
10. Det store selskapet Petrobras er, som namnet tilseier, brasiliansk og i kva bransje?
Flybransjen
Forsikringsbransjen
Lækjemiddelbransjen
Petroleumsbransjen
11. Kva slags hannfugl er kommunevåpenmotivet til Malvik i Trøndelag? Han symboliserer natur og naturopplevingar.
Hane
Orrhane
Stegg
Tiur
12. Kva forfattar frå New Zealand (1888–1923) er best kjend for noveller og var ein viktig fornyar av sjangeren? Berre tre samlingar kom ut medan ho levde: In a German Pension, Bliss and Other Stories og The Garden Party and Other Stories.
Jane Mander
Janet Frame
Katherine Mansfield
Robin Hyde
13. Eit våningshus er kva slags gardsbygning?
Bustadhus
Fjøs
Slaktehus
Stabbur
14. Kva rockeband frå New York (ca. 1975–1991), rekna til sjangeren new wave, hadde David Byrne som frontfigur?
The Strokes
Talking Heads
Television
Yeah Yeah Yeahs
15. Kva er den einaste naturlege satellitten til jorda?
Gaia
Månen
Sola
Tellus
16. Det Norske Teatret vart skipa i kva for eit partalsår? Pådrivarane Hulda og Arne Garborg fylte sjølv 50 og 61 dette året.
1904
1908
1912
1916
17. Kva heiter fyrstehuset som styrte Russland frå 1613 til revolusjonen i 1917?
Borisov
Godunov
Romanov
Rurikidane
18. Eit normalt blodtrykk vert omtala som til dømes «120 over 80». Kva er måleininga her? Referansen er den best kjende oppfinninga til Evangelista Torricelli, som levde på 1600-talet.
Mikroliter kvikksølv
Mikrometer kvikksølv
Milliliter kvikksølv
Millimeter kvikksølv
19. Kva sjølvstyrt amerikansk øygruppe har eit spansk namn som tyder «rik hamn»?
Bermuda
Costa Rica
Guam
Puerto Rico
20. I kva stort motemagasin har sjefredaktør Anna Wintour sendt stafettpinnen vidare etter 37 år? Arvtakaren heiter Chloe Malle.
Cosmopolitan
Elle
Vanity Fair
Vogue
21. Kva vart i 2010 det første afrikanske arrangørlandet av fotball-VM for menn?
Egypt
Nigeria
Sør-Afrika
Tanzania
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 12. september 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QYO5A5YGE","txt":"1. Er stortingspresidenten sjølv ein av dei 169 stortingsrepresentantane?, 2. Kva er materialet i den japanske brettekunsten origami?, 3. I ein klassisk revysketsj (1955) vert Kari Diesen driven til vanvit av bestillingane til Leif Juster, Ernst Diesen og Arve Opsahl. Kva slags butikk er åstaden?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker